Tautrekking er ein fast post på programmet.
Meld deg på fylkesleir i Aurland!
24.-27. juni er det klart for 4H Fylkesleir i Aurland i Sogn. Sjå fram til artige dagar (og netter) med mange spennande aktivitetar, turar, tevlingar og konsertar i lag med 4H-arar frå heile fylket! Meld deg på leiren no.
Under årets fylkesleir tar vi med oss det beste frå tidlegare leirar og krydrar med ein del nyskapingar, mellom anna open leirkveld og utandørs konsert med popgruppa Eva & The Heartmaker. Det blir òg fem turar å velje mellom, m.a. ein eigen spennande tur for deltakarar over 16 år.
Du melder deg på via "min side" på heimesidene til 4H. Last ned brosjyren for leiren i filvedlegget.

