No er det på tide å melde seg på leir!
24.-27. juni er det klart for 4H Fylkesleir i Aurland. Leiren er spekka med artige aktivitetar og tevlingar, og du får møte fleire hundre 4H-arar frå heile fylket. Påmeldingsfristen er 1. juni.
Under årets fylkesleir på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland 24.-27. juni står høgdepunkta i kø:
- Torsdag er det stort opningsshow med musikk full av trøkk frå ungdomane i Aurland Rockeklubb. Dette er òg dagen for å sette opp teltleiren og besøke dei mange andre 4H-arane som er på leir.
- Fredag blir det artige aktivitetar, førstehjelpskurs og bli-kjent leikar allereie frå morgonen av. Etter lunsj blir det fylkesmeisterskap i volleyball. På kvelden blir det open leir, der vi reknar med at fleire hundre besøkande som kan delta i lag med deg på tevlingar, aktivitetar og stor konsert med Eva & The Heartmaker!
- Laurdag er det turdag der du kan velje mellom fem spennande turar. Her er det noko for ein kvar smak. Les meir om turane her: http://www.4h.no/SognOgFjordane/Opplev+Gudvangen+vikingby+under+fylkesleiren.aspx
- Søndag er det finalar i volleyball og andre tevlingar før du reiser heim - proppfull av gode minner!
- Kvar kveld og natt er det ope i Miljøtorget, den sosiale møtestaden og kafeen i leiren. Her kan du høyre musikk, spele spel, flørte, bli kjent med nye folk og mykje anna moro.
Fylkesleiren er for deg som er 12 år (må fylle 12 år i år) og eldre. Alle klubbane må ha med seg vaksenleiar, som går gratis på leiren. 1 leiar per 10 deltakarar. Leiravgifta er kr 800,-. Syskenpris: kr 650,- Barn i følgje med vaksen leiar betalar kr 400,-.
Påmeldinga gjer du på min side på 4H sine heimesider: http://www.4h.no/Signin.aspx
Har du problem med påmeldinga kan du få tips her: http://www.4h.no/SognOgFjordane/Korleis+kan+du+logge+deg+p+medlemsregisteret.aspx
Vil du ha meir informasjon om leiren kan du ringe eller sende e-post til oss på 4H-kontoret: 577 23 249 / aav@fmsf.no.
Du kan òg lese meir om leiren i brosjyren nedanfor (filvedlegg).
Bli med på leir!!!
