Del/bokmerk
Opplev Gudvangen vikingby under fylkesleiren

Opplev Gudvangen vikingby under fylkesleiren

Under årets fylkesleir i Aurland 24.-27. juni inviterer vi til spennande og utfordrande aktivitetar i Gudvangen vikingby. Dette er eit nytt tilbod i staden for aktivitetane i Myrkdalen under turdagen laurdag 26. juni.

Laurdag 25. juni skal alle leirdeltakarane ut på tur! Dette melder ein seg på ved påmelding til leiren via "min side" på heimesidene til 4H. Vi har tidlegare annonsert to turar med skyting og samarbeidsaktivitetar. Selskapet som skulle ha desse aktivitetane har lagt ned drifta. Vi har derfor funne ein minst like god og billegare erstatning: Aktivitetar på Gudvangen vikingby. 

Vi inviterer til to turar i Gudvangen vikingby: Ein for dei mellom 12 og 15 år og ein for dei over 16 år. 

Turprogrammet blir dermed slik.  

1. Gudvangen vikingby: Delta på utfordrande vikingaktivitetar som bogeskyting, øksekasting, roing og vikingtevlingar. For deg som er over 16 år. Eigenbetaling: Kr 100,-

2.  Gudvangen vikingby: Delta på morosame vikingaktivitetar som roing, bogeskyting og vikingleikar. For deg som er mellom 12 og 15 år. Eigenbetaling: Kr 100,-

3. Lett tur: Båt frå Aurland. Gåtur Bleiklindi - Styvi på den gamle postvegen.

4. Hard tur: Båt frå Aurland. Fjelltur frå Stigen til høgdegard.

5. Vaksentur for alumnar og leiarar med opplevingar i Flåm.

Påmelding til fylkesleiren og turar innan 1. juni.