Spikking var populær aktivitet under open leirkveld.
Unik stemning på fylkesleiren 2010
4H Sogn og Fjordane sin fylkesleir i Aurland hadde open leirkveld fredag 25 juni. Om kvelden var det konsert med Eva & The Heartmaker, der stemninga vart unik.
Dei 200 tilskodarane på konserten, laga ei heilt fantastisk stemming, kunne leirsjef Renate Rendedal konstatere.
- Råkule og flinke
– Stemninga var heilt unik, konserten med Eva & The Heartmaker gjekk over all forventning! Eva og bandet var råkule og flinke. Dei drog både vaksne og unge med seg, fortel leirsjefen.
Då Eva & The Heartmaker i lett yr starta konserten, var det frykta at veret skulle leggje ein dempar på stemninga. Frykta forsvann fort når konserten starta, då 4Harar og andre tilskodarar skapte ein heilt magisk stemming. Etter den time lange konsert tok Eva og bandet seg god tid til publikum. Mange av tilskodarane fekk både autograf og bilete med idolet.
Glade i 4 dagar
27. juni vart leiren avslutta og leirkomiten kunne konkludere med ein vellykka leir, sjølv om veret var litt fuktig i starten.
-Det har vore ein fantastisk leir. Det er utruleg herleg å sjå glade og lukkelege ungdommar i 4 dagar og netter til ende, seier Renate Rendedal.
