Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Gav vinninga til Gambia!

Lid 4H ga overskottet av haustfesten til 4H Gambia.

Gav vinninga til Gambia!

Lid 4H sendte 11.000 kroner til 4H Gambia. Pengane vil kome godt til nytte for Bayaba 4H, som fekk 4000 kroner av pengegåva.

Lid 4H, frå Sveio kommune i Hordaland, er ein klubb på 37 medlemmer. Dei ønsket å hjelpe 4H-erne i Gambia, og sendte overskotet etter haustfesten til Bayaba 4H og 4Hs Utviklingsfond. Med denne hjelpa kan Bayaba 4H lære opp fleire og kjøpe utstyr dei trenger.

Bayaba 4H er ein svært aktiv klubb med 50 medlemmer, som driver med dyrehold, grønsakdyrking og kornlagring. På grunn av 4H har dei, og andre 4H-klubber i Gambia, moglegheita til å tene pengar. Learning by earning er 4H Gambias motto, så alle deira prosjekter må gi dei moglegheita til å tene pengar.

Utviklingsfondet (Development Fund) brukas til opplæring av 4H-klubber i Gambia. I år har støtta gått til kurs i hagebruk og utstyr til å lage skulehagar. Mange 4H-klubber søker om støtte frå Utviklingsfondet, så de oppfordrar alle 4H-klubber i Norge til å donere sitt overskot frå haustfesten.

Ønsker dykk å støtte 4H i Gambia, kan støtta sendes til 4H Norges kontonr. 9365 11 70352 og merkes Development Fund.

Inger-Emilie Kvalvåg Panayiotou, klubbrådgjervar i Lid 4H, deltok på 4H Norge sin studietur til Gambia. Foto: 4H Norge/Ingeborg Tangeraas.