Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Gøy på landet er i gang!

Fleire tusen besøker Gøy på landet på Hove leir i Aust-Agder årleg. Her frå arrangementet i 2015.

Gøy på landet er i gang!

I år inviterer 4H-gardane i landet til 21 Gøy på landet-arrangement – open dag på garden.

Dei to første Gøy på landet-arrangementa er allereie avvikla, og den nærmaste månaden blir det små og store arrangement frå Finnmark i Nord til Agder i Sør.

Gøy på landet er eit ope arrangement som blir arrangert av 4H-gardar i samarbeid med 4H-klubbar. Målet er å vise fram landbruket, lokal matproduksjon og 4H på ein positiv måte. I tillegg vil 4H synleggjere 4H-garden sine aktivitetar og samarbeidspartnarar, gje gode tilbod til Kløvermedlemene i 4H og rekruttere nye medlemer til 4H.

På arrangementa kan du møte dyra på garden eller få smake på grønsaker eller frukt som er produsert på garden. I tillegg blir du med på spennande aktivitetar og konkurransar. Les meir om Gøy på landet og bli med!

Her er oversikt over årets Gøy på landet i 4H:

Dato:

Namn på gard

Stad

19.8.

Brårød 4H-gård

Våler, Østfold

18.8.

4H Pasvik

Svanhovd Finnmark

2.9.

Skauen 4H-gård og Storemyr 4H-gård

Gressvik, Fredrikstad

2.9 12 - 16

Hauger gård

Asker, Akershus

8.9. kl. 11-14

Fallvik gård

Storslett, Troms

8./9.9.

Bjørkehaugen 4H-gard

Fortun, Sogn og Fjordane

9.9.

Sneskavla 4H-gård

Båtsfjord, Finnmark

15.9. 10-14

Bodin 4H-gård

Bodø

16.9.

Ackermann 4H-gård + 4H Pasvik

Bjørnevatn, Finnmark

16.9.

Voll 4H-gård

Trondheim

16.9.

Medtigården

Skjerstad, Bodø kommune

16.9.

Holt 4H-læringstun

Tromsø

16.9.

4H Agder

Hove, Agder

16.9.

Haugvang 4H-gård

Salangen, Troms

23.9.

Fjellvang stall og 4H-gård

Mo i Rana, Nordland

23.9.

Fjeld 4H-gård

Sarpsborg, Østfold

30.9 kl. 11-14

Soldalen besøksgård

Florø, Sogn og Fjordane

30.9.

Århus 4H-gård

Skien, Telemark

6.10. kl. 13-16

Valstad 4H-gård

Rogne, Oppland

 

4H Pasvik + husflidslag

Pasvik, Finnmark

 

Olaåsen gård

Harstad