Du er her: 4H Norge // Hordaland // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Fylkesårsmøte 2012

Årets klubb 2010 Lystig 4H

Fylkesårsmøte 2012

4H Hordaland kaller inn til Fylkesårsmøte søndag 19. februar på Thon Hotel Airport på Kokstad.

Innkalling og sakliste til fylkesårsmøtet 2012

De er med dette kalla inn til fylkesårsmøtet i 4H Hordaland, søndag 19. februar på Thon Hotel Bergen Airport på Kokstad i Bergen. Møtet startar klokka 09.30 og vert avslutta med lunsj klokka 13.30.

Deltakaravgifta for dei som ikkje bur på hotellet eller er med på superhelga er kr 450,- pr person. Dette inkluderer lunsj og kaffi på møtet. Alle som er påmeldt må betala uansett om de ønskjer mat eller ikkje. (Dette er inkludert for dei som deltek på superkurset på Stend eller klubbrådgjevarsamlinga).

Fylkesårsmøtet er samansett av 2 representantar frå kvar 4H-klubb i fylket, og ein frå kvar av 4H Norge sine medlems- og støtteorganisasjonar som har fylkeslag i Hordaland. Årsmøtet er høgste organ i fylket, og grunnlaget for 4H-arbeidet vert lagt her.

Dersom du eller klubben din har sakar som de ønska å diskutere på årsmøtet, må dei sendas inn skrifteleg til kontoret innan 10. januar, 2012.

Sakspapir og vedtekter vert sendt direkte til dei påmeldte og i tillegg 1 eksemplar til kvar klubb. I tillegg vert dei lagt ut på heimesida til 4H Hordaland.

4H Hordaland kan dessverre ikkje dekkja reise og opphald for årsmøterepresentantane.

Absolutt siste påmeldingsfrist er 10. januar 2012. Gå inn på heimesida vår og meld deg via medlemsregisteret www.4h.no/hordaland/.

           

Vel møtt!   

Venleg helsing                                                          

4H Hordaland v/                                                                      

                                             

Jostein Ljones-sign-                                                  Susanne Aas

Ordførar i årsmøtet                                                   4H-konsulent