Du er her: 4H Norge // Hordaland // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Søk støtte du også!

Søk støtte du også!

2012 er siste året det deles ut pengar frå 4H-medlemmenes jubileumsstøtte. Søknadsfrist 20. februar 2012!

Gode tiltak som antas å styrke 4H-aktiviteten på staden din, vil kunne få støtte etter søknad. 4H-medlemmenes jubileumsfond blei oppretta i jubileumsåret 1986. Fondet blei omgjort til 4H-medlemmenes jubileumsstøtte i 2006.  Kvart år kan det delast ut inntil kr. 50 000,- frå fondet. 2012 er siste året med utdeling av midlar.

4H-medlemmer eller 4H-klubber som planlegg, eller som har eit konkret arbeid på gang, kan søkje om støtte. Støtta skal være ein oppmuntring til vidare innsats og arbeid i lokalmiljøet. Søknaden bør innehalde informasjon om korleis medlemmer i klubben, fylket, eller andre kan ha glede av arbeidet det blir søkt om pengar til.

Det er ikkje eit eige søknadsskjema, så kvar og ein skriver sjølve søknad tilpassa sin aktivitet.

Kriterier:

- At tiltaket er eit trivselstiltak for heile bygda.

- At tiltaket er tilrettelagt for funksjonshemmande.

- At tiltaket tar sikte på å nå fleire ein klubbens eigne medlemmer.

- At tiltaket tar sikte på å verve nye medlemmer.

Send søknaden til: 4H Norges landsstyre, PB 113, 2016 Skjetten