Du er her: 4H Norge // Rogaland // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
400 4H-arar til Skjold!

Arrangementsansvarlege, Anne Elin og Maria ønskjer velkommen til Skjold

400 4H-arar til Skjold!

Helga 15. – 17. mars kjem over 400 4H-medlemmer frå heile fylket til Skjold Arena for å delta på ulike kurs og aktivitetar under 4H Rogaland sitt årlege Storkurs.

 

-Eg skal delta på fotballkurs, fortel Emil Milje frå Vilje 4H . Han er 12 år og deltar for første gong på Storkurs i 4H Rogaland. Til saman er det 14 medlemmer frå Vilje 4H som deltar.

– Med byggegjerder, dekka med brannsikker filt frå Sysco Arena i Tysvær, har vi delt opp idrettshallen i mindre «rom» og sikra opne rømningsvegar. Aktivitetar og kurs vil foregå i klasserom og i kultursalen. I tillegg vil fleire av kursa bli kjørt med buss til andre stader i regionen, fortel 4H instruktør, Monica Liaker.

I 4H er medlemmene sjølv vant med å ta ansvar og styring. Maria Fjeldheim (17) frå Liaheia og Anne Elin Grønnestad (17) frå Bjoa leier arrangementskomiteen med stødig hand. Med seg har dei erfarne representantar frå alle klubbane i Vindafjord kommune. – Det er mange detaljer som skal på plass og mange eldsjeler som skal bidra, men nå er snart alt klart, seier Maria. Tysdag har komiteen siste møte før det braker laus.

-Vi gler oss til å vise heimstaden vår fram til vener og kjente i 4H, smiler Maria og Anne Elin. Og det er ikkje berre nye Skjold Arena dei skal vise fram. Her bidrar ei rekkje lokale ressurspersonar og foreningar med fagleg kompetanse og dugnadshjelp. - På Storkurset skal deltakarane få lære seg alt frå swingdansing, pilfletting, klatring, akrylmaling, gårdsdrift til motorsaging. Til saman har vi 29 ulike kurstema, samt konsert med bandet «Level 6», fortel Maria stolt.