Du er her: 4H Norge // Rogaland // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Fylkesleir 2016 - SULDAL

Logoen er laga av Linda Liem

Fylkesleir 2016 - SULDAL

4H-nemnda i Suldal kommune ønskjer velkomen til årets Fylkesleir fredag 24. – måndag 27. juni! Fylkesleiren er open for 4H-meldemmar frå 12 år og tilbyr morosame aktiviteter og masse sosialt samvær.

Kjølvikstølen i Suldal kommune

Suldal kommune er største kommune arealmessig i Rogaland. Med ca. 2,2 innbyggjarar per km2 er det god plass for reint vatn og rein luft, sjø, vatn, elvar, dalar og fjell i kommunen. Årets tema «Fjord og fjell» passar bra til fylkesleiren i Suldal. Her har me utsikt over fjord og fjell, tilbyr me aktivitetar mellom fjord og fjell og skal me nytte fjord- og fjellmat.

Leirstaden er Kjølvikstølen grendahuset, som er storstova til bygdefolk på Ropeidhalvøya. Fotballbanar ligg ved sidan av huset.

 


Volleyball og open 4H-leir

På søndag skal me ha volleyballturnering og er leiren open for publikum. Volleyballturneringa er som vanleg støtta av Landkredit Bank.

Påmeldingsfristen for å melde på lag er kl 1800 lørdag (til leirkontoret).


Spennande fagaktivitetar

Laurdagen skal alle ut på fagaktivitetar. Her kan du velje mellom:

A: Kanopadling på Grytevatnet -fullbooka
B: Roing, fisking og bading -fullbooka
C: Vasski og tube -fullbooka
D: Fottur til Skardnuten
E: Paintball -fullbooka
F: Hesteridning -fullbooka
G: Bruk og stell av motorsag - avlyst
H: Klatring og rappellering -fullbooka

Hugs å velje berre ein aktivitet i påmeldingsskjemaet.

Så snart ein aktivitet er fullbooka, stenger vi påmeldingsskjemaet. Denne aktiviteten vil då ikkje vere synleg i påmeldingsskjemaet.

LES MEIR OM ALLE AKTITETANE HER


Miljøtorg og underhalding

Alumnane er 4H sine gode hjelparar under kvart arrangementet og tar ansvar for miljøtorg med issal. Aktivitetane i Miljøtorget er mange og ulike, men brettspel, leikar og quiz er ofte med. I tillegg skal me ha diskotek, tryllekunst og jonsokbål under leiren.


Kven kan delta på Fylkesleir?

Fylkesleiren er for deg som fyller 12 år og oppover, altså om du er født i 2004 eller tidligere.

Kvar klubb må stille med minst ein vaksenleiar pr 10 deltakarar. Aldersgrensa for å vera leiar er 18 år. Om ein klubb har fleire enn 10 deltakarar skal ein av leiarane vera ein føresatt eller klubbrådgjevar. Leiaren har ansvaret for deltakarane også under reisa til og frå leirstaden.


Deltakaravgift

Leiren kostar kr 700 for deltakar (vaksenleiarar og 10 4H-alumnar betaler ikkje). Der ekstraavgift ikke er oppgitt (sjå informasjon om kvar aktivitet), dekker dette alle aktivitet og mat. Reiseutgifter til og frå leiren kjem i tillegg.

Det kan og vere greit å ha med seg litt lommepenger. Kanskje ønsker du å kjøpe noko i kiosken?

4H-kontoret sender ut faktura til alle klubbane på epost. Påmeldinga er personleg og bindande. Dette betyr at dersom du melder deg av etter påmeldingsfristen er gått ut (10. mai) må deltakeravgifta betalast. Unntaket er ved sjukdom (må stadfestast av nokon). Blir du sjuk melder føresatt eller klubbrådgjevar dette inn til 4H-kontoret så snart som mogleg.


Påmelding

Vi har også i år laget to ulike påmeldingsskjemaer: et for deltakere og et for ledere.

Lurer du på hvem er påmeldt fra din klubb? Dette kan klubbrådgivere og styremedlemmer enkelt se under "rapporter" i medlemsregistret.

1. Påmeldingsskjema for DELTAKERAR

-skjemaet for deltakarar er ope frå 04. april til 10. mai kl. 2400.

2. Påmeldingsskjema for LEIARAR og 4H-ALUMNAR

-skjemaet for leiarar og alumnar er ope frå 04. april til 15. mai kl. 2400.

Ønskjer du å hjelpe til i miljøtorget? Bruk påmeldingsskjemaet (2), men ta i tillegg kontakt med leiaren i RAA (alumnklubben).


Program/tidsplan

Fredag 24. juni
17:00    Leirkontoret og teltleiren er open for innkvartering
18:30    Ankomst Fellestransport (til kaien)
              Bagasje-transport kaien-Kjølvikstølen
19:00    Matallergikarar møter leirkokken (påmelding)
19:30    Middag (taco)
20:30    Opning av Fylkesleir 2016
21:00    Tunmøte: val av tunsjef, namn på tunet
21:30    Tunsjefmøte
22:00    Ledermøte
22:00    Miljøtorg og kiosk opnar
23:00    Nattmat
24:00    Ro i teltleiren
01:00    Miljøtorg og kiosk stenger

Laurdag 25. juni
07:25    Revelje
07:30    Frukost med smørjing av niste
08:45    Morgonsamling
09:00    Avreise til aktivitetar
16:30    Mat
18:00    Påmeldingsfrist Volleyballturnering
18:00    Kiosken opnar
18:30    Tunsjef-møte: siste info om volleyballturneringa, andre konkurransar?
19:30    Leiarmøte
20:00    Middag (laks)
21:30    Diskotek (til 00:30)
21:30    Miljøtorg opnar
24:00    Kiosk stenger
01:00     Ro i teltleiren
02:00    Miljøtorg stenger

Søndag 26. juni
08:25     Revelje
08:30    Frukost
09:30    Morgonsamling og fellesfoto
10:00-1500: Open 4H-leir (publikum/foreldre kan komme på besøk)
10:00    Volleyballturnering
              Kiosk opnar
12:00    Lunsj
13:00    Volleyballturnering avsluttar med finale
15:30    Mat
18:00    Tunsjefmøte
18:30    Leiarmøte
19:30    Middag (grilling)
20:30    Underhaldning
22:00    Jonsokbål (underhaldning frå kvart av tuna, premiering av beste prestasjon)
23:00    Nattmat
              Miljøtorg med iskiosk opnar
24:00    Ro i teltleiren
              Kiosken stenger
02:00    Miljøtorg stenger (døgning)


Måndag 27. juni
08:45    Revelje
09:00    Frukost / smørjing av niste til turen
10:00    Morgonsamling med premieutdeling
11.00    Kiosk opnar
12.30    Pakking/rydding av tun
13.30    Kiosk stenger
14:00    Bagasjetransport kjører til båten
15:00    Avreise Fellestransport (frå kaien)

Vi tar atterhald om endringar i programmet.


Organisering og ansvar

Deltakarane og leiarane deira søv klubbviss i teltleiren. Leirområdet er inndelt i mindre område som vi kallar for tun. Første dagen skal kvart tun velje ein «tunsjef» med ansvar for å fordele diverse oppgåver. Kvar klubb må stille med minst ein leiar per 10 deltakarar. Aldersgrensa for å være leiar er 18 år. Om ein klubb har fleire enn 10 deltakarar skal ein av leiarane være føresette eller klubbrådgjevar. Leiaren har ansvaret for deltakarane òg under reisa til og frå leirstaden. Det er klubbens ansvar at leiarane er skikka til å være leiar.


Fellestransport tur/retur: SKAGENKAIEN - Kjølvikstølen

Det blir organisert fellestransport frå Stavanger til leirstaden. Påmeldingsfristen for deltakarar går ut 10. mai og for leiarar/alumnar 15. mai.

Pris pr passasjer: mellom kr. 390 - 460 (alt etter kor mange som melder seg på). Dette blir fakturert saman med deltakaravgifta.

Avreise frå Skagenkaien, fredag 24. juni klokka 1700. OPPMØTE klokka 1645!

Avreise frå Vatlandsvåg, måndag 27. juni klokka 1500. Ankomst Skagenkaien ca klokka 1615.

Båten vil gå innom Sjernerøy (Nesheim) begge vegar. Ankomst Nesheim fredag ca kl. 1750.


Kongetun

Kvart år blir "det beste telttunet" kåra. Vi har ein jury som arbeider under heile leiren og eksempel på punkter juryen gjev poeng er: ryddig tun, kreativ pynting av tunet, volleyball (beste lag/heiagjeng), sprøaste og beste initiativ, osv.


Det praktiske...

Telt-tun:

Deltakarane og leiarane søv klubbvis i telt. Leirområdet er inndelt i mindre områder som vi kaller for tun. Ca 20 personar i kvart tun. For å spare plass, ber vi så mange som mogleg om å samarbeide om større telt i staden for å ha mange små.  I år deler vi inn tuna etter kvart som gruppene kjem. Vil klubben din dele tun saman med ein annan klubb, ber vi dykk avtale møtetidspunkt.

Første dagen skal kvart tun velje ein «tunsjef» med ansvar for å fordele diverse oppgåver, samt delta på eigne «tunsjef-møter». Kvart teltun må sjølv finne eit namn.

Tunsjef:

Første dagen skal kvart tun velje en «tunsjef» med ansvar for å fordele diverse oppgåver, samt delta på eigne «tunsjef-møter». Tunsjefane må følge opp meldingane og oppgåvene frå leirsjefen.

Vaksenleiarane har eit øveordna ansvar for tunet og deltakane der, men alle har ansvaret for å rydde opp etter seg og halde teltleiren rein og fri for søppel. 

Tryggheit:

Eigen beredskapsplan/tryggleiksplan er laga for leiren. Viktig at alle leiarane, dugnadsfolk, vakter, alumnar og andre vaksne les denne før leiren.

Informasjonskanal: Skulle noko skje vil informasjonskanalen vår vere www.4h.no/rogaland.

Vi reknar ca 20 personar i kvart tun. Dvs ca 6 telt i kvart tun. Det er 3 meter mellom alle telta i kvar retning. Det er 6 meter branngater i leiren, alle telta må liggje med teltopninga ut mot ei branngate. Kvar klubb må stille med minst ein leiar pr 10 deltakar. For klubbar som har 10 deltakarar eller fleire, må minst 1 av leirarane vera over 18 år. Leiaren har også ansvaret for deltakarane på reisa til og frå leirstaden. Sørg for at du veit kven leiaren din er, og har telefonnummeret hans/hennar. Alle leiarane blir merka med blå vester. Leiarane får informasjon i eiget brev etter påmelding.

Mer om inndeling av telt-tun kjem i leirheftet til alle påmeldte deltakarar og leiarar/alumnar rundt 1. juni 2016.

Reglar: 

Vi vil at alle skal ha det gøy på leir, og ber deg derfor bruke sunn fornuft, ta vare på alle rundt deg, oppføre deg fint og følgje reglane.Leirreglane gjeld alle 4H-arar, 4H-alumnar, leirleiarar og andre som oppheldt seg i leirområdet.

  • Gjer deg kjent med programmet og følg det.
  • Møt presis til måltider og arrangement.
  • Gå ikkje ut av leirområdet utan å ha avtalt det med leiaren din.
  • Ikkje inviter uvedkommande inn i leiren.
  • Gje melding til leiaren din om du blir sjuk eller skada.
  • Hald orden i leirområdet og bruk bosspanna.
  • Etter rosignalet skal det være ro i teltleiren.
  • Fylkesleiren ønsker å vere eit røykfritt arrangement. Er du over 18 år og må røyke, skjer dette kun på anvist område.
  • Energidrikkar (for eks. Red Bull) er ikkje lov å ha med seg eller drikke.
  • Alkohol og rus er forbudt, og fører til umiddelbar heimsending for eiga rekning.
  • All bruk av open flamme og grilling er forbudt i telt og i teltleiren.
  • skal du bade i sjøen MÅ leiaren din tillate dette og ta ansvaret som badevakt.
  • datamaskiner, nettbrett eller lignende er ikke lov å ha i teltet.

Seksuelt krenkande adferd blir ikkje tolerert. Dette kan vere uønska fysisk kontakt, sårande eller ”grisete” kommentarar eller liknande. Respekter andre sine grenser.

Grove brudd på leirreglene medfører heimsending for eiga rekning. Avgjersle om heimsending blir tatt av leirkomiteen.

Dersom du har nokre klager, ver venleg å fortelje dette til leirkontoret eller leiaren din.

Leirområdet:


Meir informasjon

4H fylkeleirorganisasjonen brukar Facebook for å legge ut opplysningar og nyhende med jamt mellomrom (www.facebook.com/4hfylkesleirrogaland). Alle påmeldte deltakarar, leiarar og alumnar får tilsendt meir informasjon på e-post i god tid før leiren.