Du er her: 4H Norge // Rogaland // rogaland // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Bli med på 4H matskule

Bli med på 4H matskule

Du som er mellom 8 og 12 år kan melda deg på 4H matskule i sommar. Då får du: • Laga skikkelig god mat • Gå på gardsbesøk • Laga mat ute og inne • Vera med og hausta grønsaker

Bli med!
 
4H matskule er eit ferietilbod for barn og ung. Matskulen er frå tysdag 11. til 15. august på Marvik skule, frå 8 til 15. Laurdag blir det halv dag med kafé for familiane. Flinke instruktørar og gode hjelparar frå 4H og Bygdekvinnelaget vil vera med deg heile veka og syta for at du lærer deg å laga mat heilt sjølv!
 
4h matskule er eit ferietilbod som er ope for alle, både medlemer og ikkje-medlemer. Maks antal: 16. Pris: 1400,- per deltakar. 1000,- kroner for medlemer av 4H.
 
Meld deg på til grytenuten@gmail.com med namn og fødselsdatoen din + namn og telefonnummer til mor eller far. Sei frå i eposten viss du har allergiar eller andre ting me treng vita om. 
Påmeldingsfrist 1. juni 2015. 
 

Etter påmelding

Du får beskjed om du har fått plass på matskulen seinast ein dag etter at du har meldt deg på til grytenuten@gmail.com. NB! Det er førstemann til mølla som gjeld.
 
I løpet av juni prøver me å få til ein dag kor me sår sukkererter i åkeren på Hebnes. Det er frivillig oppmøte til så-dagen, og du får nærare beskjed etter påmelding om kva tid det blir. 
 

Timeplan

Innan 31. juli vil du få tilsendt timeplan, namn på lærarane dine og praktisk info om kor du skal møta og kor lenge du skal vera kvar dag. Du vil også få skjema om de vaksne tillet at du sit på med oss på matskulen i bil, om du får lov å bada (viss det blir aktuelt) og om bruk av bilete frå matskulen.
 
Matskulen varar frå tysdag til laurdag. Du får forklede som du skal få dekorera sjølv i ledige øyeblikk. Forkledet har du med deg kvar dag. Du må også ha med litt frukost, så startar me dagen med eit felles måltid.
 

Mat og helse

Har du matallergiar eller andre allergiar (husdyr, gras osv) eller sjukdommar som me treng vita om, er det fint om du seier frå med ein gong. Me kan ikkje lova at me lagar spesialmat, og me skal på besøk hjå bønder som har både sau og ku og høns. Men veit me om det, så kan me og foreldra dine hjelpast med å ordna det slik at du har det fint og er frisk og glad heile matskuleveka.
 
Er det andre ting rundt det praktiske som du treng vita nå, så er det berre å ringa. Det er ikkje sikkert me har svaret på alt nå, men me skal sjølvsagt halda kontakten i sommar!
 
Helsing Mette frå Ropeidhalvøya bygdekvinnelag (92851056) og Toyni frå Grytenuten 4H (98221410)