Du er her: 4H Norge // Rogaland // rogaland // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Info om haustfest

Info om haustfest

Til medlemene i Grytenuten 4H og foreldra deira: Snart er det haustfest, her kjem litt praktisk info om prosjekt, utstilling og haustfest:

 
 
1. Prosjekt: Prosjektet ditt skal vere ferdig seinast måndag 12. oktober. Då må du levere inn boka di til ein av klubbrådgjevarane: Kirsti, Einar eller Toyni. I boka di skal det vere ein godkjend prosjektplan, avtale, arbeidslogg og for somme skal det vere budsjett og rekneskap. Boka får du att på haustfesten, då vil den liggje på utstillinga di.
2. Utstilling: Torsdag 15. oktober kan du kome til Kjølvikstølen og setje opp utstillinga di mellom 18 og 19.30.  Kvart år sidan vi starta har Grytenuten 4H hatt flotte utstillingar! Dommarane skal vurdere utstillinga di saman med prosjektboka, og alle gler seg til å sjå den :-) Inspirasjon til utstillingane kan du finne her:  http://www.4h.no/storypg.aspx?id=1943&menunode=633734595134555115
3. Haustfesten startar fredag 16. oktober klokka 18.30. Alle i 4H må møte seinast klokka 18.15. Programmet er slik: 
18.30 – Velkommen - Song, Utstilling - Mat og kaffi + loddsalg – Evt.  talar – Underhaldning - Utdeling av merke – Loddtrekking – Song
 
Arbeidsfordeling:
Torsdag 15. oktober kl. 18: Bere ut bord og stolar og gjere salen klar.
Foreldra til Henriette, Ine, Anette, Vemund, Lene
 
Fredag 16. oktober ca. 18.45: Vere med og få ut maten, ause opp, få ut kaffimat + vaske opp. Foreldra til: Idunn, Andrea, Sven, Nora, Solfrid
 
Fredag 16. oktober når festen er over: Rydde salen, sope golv og rydde toalett. Foreldra til: Sunniva, Maren, Ane, Marius, Hanne Rebekka
 
Passar det dårleg for dykk, må de vere gilde og byte med ein av dei andre.
 
Treng du hjelp med noko, er det noko du lurer på om prosjektet ditt så er det berre å kontakte nokon i styret eller klubbrådgjevarane!
 
 
”Me lovar å arbeide mot det mål å bli ein ungdom med klart Hovud, varmt Hjerte, flinke Hender og god Helse.”