Du er her: 4H Norge // Rogaland // rogaland // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Vil DU vera med

Vil DU vera med

... og sova ute under open himmel?

Kvar: Grasbana på Kjølvikstølen

Når: Laurdag 2. mai frå klokka 20

Kven: Alle folk i alle aldrar*

Pris: Gratis

Sov i telt eller heilt ute under open himmel! Kom når som helst mellom klokka 20 og 22.30, berre du får slått opp telt før klokka 23. Grytenuten 4H serverer frukost frå klokka 7.30 til 9.00 på søndag.

Aktiviteter laurdag:
Flaggheising klokka 20 - Fotball i bingen - Bål til å grilla på – Leiker - Lev vel-songen og glimtet klokka 22.55.Du legg deg til å sova når du vil, men mellom klokka 23 og 07 er alle i soveposen og det er ro i leiren.

Ta med:

Sovepose og liggeunderlag + ev. telt
Toalettsaker og vatn til å pussa tennene i ute (me kan gå inn på do, men elles gjer me alt ute).
Lommelykt og kveldsmat

Dette er både for medlemer i 4H – og for alle som vil! Meld deg på til grytenuten@gmail.com eller send oss ei melding på Facebook innan 27. april, så veit me kor mykje mat me treng.

Under open himmel er eit arrangement i regi av 4H over heile landet. I år er det dessutan friluftslivets år - så då passar det ekstra godt!

*Er du under 18? Då må du ha med ein forelder eller avtala med ein annan vaksen som skal vera der heile natta om at den har ansvar for deg.