Du er her: 4H Norge // Rogaland // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Aktivitetspakker

Aktivitetspakker

4H Rogaland vil gjerne besøke klubbane meir, og lanserer derfor eit heilt nytt tilbod!

1. 4H MATSKULEPAKKEN

Eit pakketilbod til dykk som er interessert i å arrangere 4H-matskule. Gjennom Matskulepakken vil 4H Rogaland tilby:

  • Oppfølging og rettleiing
  • Trykking av oppskriftshefter til deltakarane
  • Eigne matskole-forkle til deltakarane
  • Påmeldingssystem og direkte fakturering av deltakarane 
  • Marknadsføring gjennom 4H sine informasjonskanalar

Arrangøren har sjølv ansvaret for:

  • økonomi (skrive regnskap, søke støtte, underskot/overskot)
  • PR-arbeid og medieomtale (spør gjerne om råd!)
  • rekruttering av deltakarar
  • gjennomføre og finansiere sjølve matskulen

Kva kostar dette for klubben?
Matskulepakken er støtta av Rogaland landbrukssamvirke, og 4H Rogaland "et" derfor berre 15% av
deltakaravgifta som betaling for pakken/tenesten. 

Bestill pakken her

2. DRIFT AV 4H-KLUBBEN
-lån ein styrevervinstruktør

Mange klubbstyrer og klubbrådgjevarar ønskjer seg rettleiing i organisasjonsarbeidet. Våre styrevervinstruktørar kan kome innom på eit styremøte for å svare på spørsmål, rettleie og gje dykk råd. Skriv litt om kva de treng hjelp til, slik at vi får sendt den beste instruktøren!

Kva kostar dette for klubben?  
For å dekke reise, eventuell overnatting og honorar til instruktør tar vi kr. 1000 for denne pakken.

Bestill pakken her

3. AKTIVITET I KLUBBEN 
-besøk frå 4H Rogaland

Mange klubbar ønsker seg besøk der medlemmene får bli kjent med nokon frå fylkesleddet. Her ønskjer vi å vere med på eit klubbmøte eller klubbaktivitet. Eventuelt bidra med ein eller annan aktivitet.

 

Kva kostar dette for klubben?  
For å dekke reise, eventuell overnatting og honorar til instruktør tar vi kr. 1000 for denne pakken.

 

Bestill pakken her

4. ABALL1

Les meir om Aball1

a) Aball1 -lån av ustyr

Vi låner gjerne ut Aball1-settet vårt! Ta kontakt i god tid.

Kva kostar dette for klubben?
Det kostar ingenting å låne sjølve utstyret, men klubben må sjølv sørge for transport. Utstyret "bur" på 4H-kontoret, Pedersgata 32c, 4013 Stavanger

Bestill pakken her

b) Aball1 -lån ein instruktør 

Har klubben lyst på eit lite kurs i Aball1? Vi har instruktørar som kan kome på besøk.

 

Kva kostar dette for klubben?  
For å dekke reise, eventuell overnatting og honorar til instruktør tar vi kr. 1000 for denne pakken.

 

Bestill pakken her