Du er her: 4H Norge // Rogaland // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
STORKURS 2018!

STORKURS 2018!

Nå er det rett før det braker løs ! I helga er det på Sand det skjer!

For å laga til Storkurs trengs det: 15 kilo kveite, 25 kilo kjøttdeig, liiiitervis med tomatsuppe, kilometer med brød, mange positive vaksne, bøttevis med syltetøy, sikkert ein heil gris til pålegg og mykje, mykje meir! Men nå er me klar! Håper alle har lest pakkelistene og pakka seg klar for ei helg fullspekka med aktivitetar på Sand. Me i komiteen gler oss i alle fall og håpar at alle får ei fin helg. Velkomne til Sand skal de i alle fall vere!

Det er sendt ut informasjon til deltakarar og til leiarar og alumnar pr. epost. Du finn info.skrivet nedanfor:

Infobrev alle

Info voksenledere og alumner


Oppstart og avslutning:

Kurset startar med registrering og innlosjering kl. 19.00 fredag 6.april på Sand Skule. Klubbane vert innlosjert i klasserom og leiarane søv saman med deltakarane sine.  Me avsluttar sundag 8.april kl. 11.00. Då kan dei som skal henta slitne og trøytte ungar parkera på p-plassen ved skulen og komme bortom og hente sine. 

Fellesskyss:

Me har eigen Storkurs-båt! Oppmøte for dei som skal reisa med denne frå Stavanger er seinast kl. 16.45 på SKAGENKAIEN.  Oppmøte på Tau Kai er seinast kl. 17.15. Etter dette går båten direkte til Sand. Her blir deltakarane møtt av bilar som transporterer bagasje på tilhengarar (tenk på det når du pakkar - kan ting bli vått f.eks?) til kursstaden. Deltakarane går til skulen. Dette er ein tur som tek ein liten halvtime.

Sundag vert bagasje transportert til kaien på Sand og deltakarane går. Oppmøte på kaien på Sand er kl. 11.50. Retur til Tau kl. 13.00 og i Stavanger kl. 13.30.

Pris for fellesskyss er kr 275,- og blir fakturert saman med kursavgifta.


Kurs og program:

Me har prøvd å setja i saman eit program som byr på mykje sosialt, aktive dagar og påfyll. Me håper det ikkje blir for travelt for dei, men at det blir passelig med aktiviteter samtidig som dei får kost seg og slappa litt av og. Det er mange som er på Storkurs for fyrste gong, så det er viktig at dei får ei god oppleving.

Program

Laurdagen blir fyllt opp med 9 forskjellige kurs der aktivitetsnivået vert høgt. Kjempekjekt at alle kursa fekk så mange deltakarar at me kunne gjennomføre dei. 

Hugs å lese Ta med på tema-kurs

Storkurs kostar kr 700,- pr. deltakar og faktura vert sendt kasserer i klubben din. Evt. kostnadar med fellestransport og eigenandel på kurs vert fakturert saman med kursavgifta.


 

Lurt å ta med på kurs…..og heim igjen:

•          Sovepose og liggjeunderlag (helst ikkje luftmadrass)

•          Toalettsaker (tannkost, -krem, deo, såpe, handkle osb)

•          Skrivesaker

•          Lommepengar (Bygdevon 4H har kiosk, alumnane issal og 4H har butikk med 4H effektar.)

•      Ta med på tema-kurs

•          Matboks og drikkeflaske

•          Tøflar

Lørdag kveld blir det utkledningsfest, så då er det fint at alle kler seg ut som eit dyr som byrjar med forbokstaven din f.eks Katrine - kanin, Morten - mus, Hilde - hund osb. Premiering til best utkledde gutt og jente!

 


Linker til viktig info:

Ta med på tema-kurs

KURSREGLER

Infobrev alle

Info voksenledere og alumner

Program

Beredskapsplan

 

Har du tenkt å drikka kaffi eller te i helga? Ta med deg ein kopp!

 


Våre fantastiske støttespelarar:

      

                                 

                                         Bilderesultat for logo suldal kommune

 


Kontaktperson i 4H Rogaland: Anne Olsen, tlf. 909 77 154, e-post: anne.olsen@4h.no