Del/bokmerk
Inspirasjonssamling for vaksne i 4H

Frå inspirasjonssamlinga i 2010, der mat på bål og friluftsaktivitetar var ein av programpostane

Inspirasjonssamling for vaksne i 4H

18.-19. november møtest nye og gamle klubbrådgjevarar, alumnar og andre vaksne i 4H til inspirasjonssamling på Skei Hotel. Dette året er vi så heldig å ha fått med Humørbonden Geir Styve, frå Humørbygda Hjelmås i Hordaland, som ein av innleiarane.

På samlinga vil du få mange praktiske tips til aktivitetar og moro i 4H-klubben. Du får nye idear, ny kunnskap, meir motivasjon og møte andre vaksne i 4H.

Tema på samlinga:

 

Å blåse vind i eigne segl

Geir Styve tok tittelen ”humørbonde” i 2003 og er ein stadig meir etterspurt kurshaldar og inspirator. Humørbonden er opptatt av å kverke Bygdedyr og vil setje mot i folk. På inspirasjonssamlinga vil Humørbonden innleie rundt emna korleis mobilisere bygda og skape betre bygder, korleis kverke bygdedyr og korleis realisere idear. Les meir om humørbonden.

 

”Fri i fjæra”

Monica Eriksen Lundbakk er prosjektleiar for ”Fri i fjæra” i 4H Norge. Ho vil fortelje om kystprosjektet og om korleis 4H-klubbane kan jobbe meir med friluftsliv, tradisjonar, natur og kultur langs kysten. Monica vil òg leie praktiske økter der ein kan lære ulike aktivitetar. Les meir om prosjektet Fri i fjæra.

 

4H-gard – ny arena for 4H-aktivitet i fylket

I 2010 opna dei to første 4H-gardane i fylket, Tuftegarden 4H-gard og Fosseheimen Naturpark 4H-gard. På inspirasjonssamlinga får du møte bøndene bak 4H-gardane, som vil fortelje om alt det ein kan oppleve på ein 4H-gard.

 

Frå stasjon til stasjon

Har du lyst å lære om eit spennande syprosjekt i Gloppen, om heimeside og anna informasjonsarbeid, om dei nye prosjekthefta, om 4H sitt internasjonale arbeid, om medlemsregisteret eller friluftsaktivitetar ved kysten? Dropp innom aktivitetsstasjonane!

 

Klubbprosjekt naturmøteplass

Bukta 4H i Gloppen har det siste året bygd ein fantastisk flott naturmøteplass. Klubbrådgjevarane Ann Kristin Vik Fløtre og Kristin Fjellestad vil fortelje om prosjektet.

 

Besøk til Jølster Bakst

Vi avsluttar samlinga med besøk til Jølster Bakst på Søgnesand, inst i Kjøsnesfjorden. Der vil vi få omvisning og forteljingar, få prøve å bake litt og ha aktivitetar.

 

Praktisk informasjon

 

Pris: Kr 1000,- pr person i dobbeltrom (alt inkludert) / kr 1300,- i enkeltrom (alt inkludert).

Dagpakke (inkl. middag fredag og lunsj laurdag): kr 550,-.

 

Inspirasjonssamlinga er ei viktig samling for klubbrådgjevarar og andre vaksne i 4H. 4H-klubben bør derfor betale deltakaravgifta di.

 

Påmelding:

Vi min side på 4h.no innan 1. november.  Tast inn medlemsnummer og passord, og klikk på ”påmelding”. Ta kontakt med oss på 4H-kontoret om du treng hjelp til påmeldinga.

 

Velkomen til ei inspirerande, motiverande, idérik og artig samling!!


Brosjyren for samlinga kan du laste ned i filvedlegget nedanfor.