Del/bokmerk
Kjempestemning og moro heile døgnet

Kjempestemning og moro heile døgnet

Eit hav av telt og lavvoar. Nye venskap og litt romansar. Tevlingar, aktivitetar, viltre påfunn og moro heile døgnet. Det er fylkesleir i 4H.

Fornøgde deltakarar

Malin Leirnes (12) og Andrea Brekke (13) frå Ungbjørka 4H i Bjordal deltok på fylkesleir for første gong. Dei var godt fornøgd med leiren.

 

- Det var ein veldig fin plass, og det var mange dyr her. Hund, høne, grisar, geiter og mange fleire. Det var litt ekkelt å gå på utedo, men eg har fått mange vener og lært mykje sidan eg kom hit, fortel Malin Leirnes.

 

- Det var fint både i Viksdalen og på Fosseheimen Naturpark. Eg har mellom anna vore med på riding. Vi stelte hestane og rei på dei. Eg har hest sjølv, så det var kjekt, legg Andrea Brekke til.

 

Tevlings- og aktivitetsdag

Dei første deltakarane kom til leirplassen tidleg torsdag. Dei starta med å setje opp telt eller lavvo, og bygde grender ved hjelp av hun og tau. Dei ivrige deltakarane bygde alt frå inngangsportar og gjerde til bord, benkar, bosstativ og flagg. Seinare var det førstehjelpskurs, brannøving og jonsokfeiring, før 4H-alumnane opna Miljøtorget.

 

Fredag var det tevlingsdag med mellom anna volleyballturnering, tautrekking, mjølkespannkasting, energikampen og rodeo. Innsatsen var stor på alle tevlingane, spesielt slo energikampen og rodeokonkurransen godt an. Seinare på kvelden var det open leir, der meir enn hundre besøkande fekk oppleve litt av leirlivet. Kvelden vart avslutta med rockekonsertar med Jølster-gruppa Låvedans og Førde-gruppa Samora.

 

Laurdag var deltakarane på ulike valfrie aktivitetar. Besøk på Tuftegarden 4H-gard og skyting var dei mest populære aktivitetane. Deltakarane kunne også velje fotokurs, scrapbooking, volleyball, sandvolleyball, hest, fjellturar og handverkskurs i Eldalstunet. Segling på Viksdalsvatnet med FNF-segljollane var òg eit populært tilbod.

 

Talentkonkurranse

Laurdag kveld var det tid for kåring av 4H sine største talent. Song, gitarspel, sketsjar og akrobatikk fekk fram stemninga hjå publikum, og 4H-talenta imponerte alle. Dei som trakk det lengste strået i den harde konkurransen var gruppa Bygdebande med tre jenter frå Heggrosa 4H i Eid.

 

Ei av dei mest spektakulære framføringane var det gruppa Labbelesten, ved Dag Einar Bøtun og Brede Strømme frå Fresvik 4H, som gjorde. Dei deltok med akrobatikk, freerunning og scenekamp.

 

- Det var kjekt å vere med, men litt stress sidan vi byrja å øve 20 minutt før vi gjekk på scena. Vi greidde ikkje å gjere det heilt skikkeleg og det var litt kluss, fortel Brede Strømme (15) etter talentkonkurransen. Publikum var likevel svært fornøgd med framsyninga, etter applausen å dømme.

 

- Utruleg dugnadsvilje

Siste leirdagen var det mange trøytte, men likevel blide, fjes å sjå. Denne dagen var det klart for finalar i volleyball og tautrekking. Laget frå Gulen gjekk for andre året på rad av med sigeren etter ein svært spennande volleyballfinale mot laget frå Gaular. I tautrekkingsfinalen gjekk mikslaget med deltakarar frå Stryn, Naustdal og Jølster av med ein overlegen siger.

 

På søndag ettermiddag kunne Randi Rambjørg, leirsjef, sende heim fleire hundre fornøgde leirdeltakarar, etter fire flotte leirdagar på Fosseheimen Naturpark 4H-gard i Viksdalen.

 

- Vi har hatt ein kjempefin leir, og folket på Viksdalen har vist ein utruleg dugnadvilje. Folk stilte opp heile døgnet, og tok seg fri frå jobb, ferie og slått. Sjølv dei utan born i 4H stilte opp for å bidra til å få ein god leir. Leirdeltakarane var veldig greie og dei vaksne leiarane på leiren var ansvarsfulle og hadde godt humør. Så eg er veldig fornøgd, smiler Randi Rambjørg.