Klart for leir i villmarka
I vinterferien får ein gjeng ungdomar prøve seg på livet i villmarka når 4H og jeger- og fiskerforbundet inviterer til Villmarksleir på Viksdalen.
Fosseheimen Naturpark 4H-gard på Viksdalen er åstad for villmarksleiren for ungdom 21.-23. februar. Dei 25 deltakarane får prøve seg på alt frå hundekøyring, energikamp og kanefart med hest til rypejakt og skyting.
- Trefte blink
- Det blir tre dagar med mykje moro, spenning og utfordringar, smiler Alf Erik Røyrvik, ungdomsansvarleg i Jeger og fiskerforbundet i Sogn og Fjordane.
Det er første gong 4H og jeger- og fiskerforbundet i fylket arrangerer leir i lag på vinterstid. Villmarksleiren er eit samarbeid mellom Fosseheimen Naturpark 4H-gard og 4H og jeger- og fiskerforbundet på lokalt- og fylkesnivå.
- Det ser ut til at vi trefte blink med tilbodet. Dei 25 plassane vi hadde tilgjengeleg vart fylt opp ganske raskt. Vi har med ungdomar frå stort sett heile fylket, fortel Røyrvik.
Treng ikkje vere tøff eller barsk
Tysdag møtest ungdomane for å bli kjent, lære om førsthjelp og påkledning på vinterstid og for å rigge leiren. Overnattinga blir med telt, teppe og liggeunderlag i lavvo. Dei som vil kan òg få prøve seg på overnatting i gapahuk eller i snøhole.
- Vi har omn i lavvoane, så vi reknar med at alle vil halde seg varme. Blir det for kaldt får ein også lov til å sove innandørs, fortel Alf Erik Røyrvik og legg til:
- Det viktigaste med leiren er ikkje å vere mest tøff eller barsk, men å få ei god oppleving av friluftslivet på vinterstid slik. Eg trur leiren blir ei oppleving for alle som blir med.
Seks kilometer aking
Onsdagen på leiren får nokre av deltakarane vere med på rypejakt, medan andre får prøvd hundekøyring og snørekøyring etter hest. På kvelden blir det kanefart med hest og slede, og aking i ei seks kilometer lang løype.
Leiren blir avslutta torsdag med laserskyting og ulike konkurransar. Det blir òg energikamp med mange spennande øvingar der lagånd og samarbeid er dei fremste eigenskapane.
Deltakarane får òg lære å lage ulike rettar på bål. Alle middagsmåltida blir laga ute av deltakarane sjølve.
- Eg gledar meg veldig til å ta imot alle ungdomane på tysdag – til tre artige dagar i villmarka, avsluttar Alf Erik Røyrvik.

