Klart for Villmarksleir!
Blir du 15 år i år eller eldre og har lyst å gjere noko spennande, artig og litt ufordrande i vinterferien? Bli med på Villmarksleiren til 4H og Jeger- og fiskeforbundet på Viksdalen 21.-23. februar!
21.-23. februar kan du bli med på Villmarksleiren til 4H og Jeger og Fiskerforbundet på Fosseheimen Naturpark 4H-gard på Viksdalen. Vi har berre 25 plassar, så meld deg på i dag!
Last ned brosjyren om Villmarksleiren.
Vi har mange spennande aktivitetar, som:
- Rypejakt
- Hundekøyring
- Kanefart med hest
- Laserskyting
- Snørekøyring etter hest
- Aking
- Førstehjelp og vinterbekledning
- Snøholelaging
- Energikampen og andre konkurransar.
Det blir overnatting i lavvo med omn, eller kanskje du vil ligge i snøhole ei av nettene?? Om du synest det blir for kaldt har du høve til å ligge innandørs.
Praktisk informasjon:
Pris: Kr 400,- for medlemer i 4H og NJFF. Kr 500,- for andre.
Alder: Du må fylle 15 år i 2012 eller vere eldre for å kunne delta
Påmelding: Meld deg på ved å sende e-post til aav@fsmf.no eller sognogfjordane@njff.org. Ta med namn, adresse, telefon (til deg sjølv og føresette), alder, e-post og ev. opplysningar om sjukdomar, allergiar e.l.
Informasjon / spørsmål: Kontakt Åge i 4H Sogn og Fjordane, tlf 576 43 196 / e-post aav@fmsf.no eller Reidun i NJFF Sogn og Fjordane, tlf 970 76 702 / e-post sognogfjordane@njff.org.
Velkomen til tre artige, sosiale og spennande dagar!

