Trivselsagent 2012
No er det siste sjanse til å melde seg på som Trivselsagent 2012. Hilde på 4H-kontoret må ha melding innan 3. februar!
Har du lyst til å ha eit heilt anleis 4H-prosjekt, samtidig som du er veldig glad i å vere saman med andre er Trivselsagent 4H-prosjektet for deg.
Trivselsagent:
- Eit 4H-prosjekt for å skape meir trivsel i 4H-klubben og i 4H Sogn og Fjordane
- Eit 4H-prosjekt der medlemmen kan utvikle seg sjølv saman med andre
- Eit 4H-prosjekt som ikkje er lik andre 4H-prosjekt
Trivselsagent som 4H-prosjekt er for seniorar mellom 16 og 18 år. Også i år er at vi skal samarbeide med 4H Hordaland og ha samlingane saman med dei. Det vert to samlingar, den første er samlinga vert 10. - 12. februar (OBS datoen er endra frå årsplanen) og den andre samlinga er 23. - 25. mars.
Det kostar ikkje noko å vere med på samlingane, men trivselsagentane må betale reisa til samlingane.
Ta kontakt med Hilde på 4H-kontoret for å melde deg på eller for å få meir informasjon.

