Del/bokmerk
Vått og vilt på leir i Viksdalen

Ragnhild Prestegård, Borghild Prestegård og Kari S. Døvre på villmarksleir.

Vått og vilt på leir i Viksdalen

Ein gjeng med friske ungdommar frå heile fylket samla seg i Viksdalen til villmarksleir i tre dagar i vinterferien. Det var full rulle frå morgon til kveld, med mange kjekke uteaktivitetar på programmet. Det gode humøret var på plass, sjølv om veret absolutt ikkje var mykje å skryte av.

Tysdag 21. februar møtte 23 blide ungdommar opp på 4H og jeger- og fiskerforbundet sin villmarksleir på Fosseheimen Naturpark 4H-gard. Her har dei overnatta i to dagar, og fått prøve seg på alt i frå hundekøyring og aking til skyting og energikamp. Ungdommane er likevel heilt einige om at det sosiale er noko av det aller viktigaste med leiren.

Sjå fleire bilete frå leiren på facebook-sida vår!

Sosialt på leir
- Villmarksleir er utrulig sosialt, og ein lærer så enormt mykje om naturen, seier Kari S. Døvre (15) frå Gaupne. Ho deltok på leiren i lag med veninnene Ragnhild Prestegård (17) og Borghild Prestegård (16), som òg kjem frå Gaupne.

- Eg angrar i alle fall ikkje på at eg meldte meg på. Vi ville finne på noko artig i  vinterferien, smiler Borghild og ser bort på søstra si som nikkar einig.

- Det var veldig spennande med hundekøyring. Eg kunne absolutt tenkje meg å prøve det fleire gonger, fortel Ragnhild.

Deltakarane har overnatta i lavvo. Sjølv om det har vore litt kaldt og vått, har det stort sett gått heilt fint. Det har i alle fall ikkje vore noko sutring og klaging.

- Litt regn må vi tåle på ein villmarksleir, seier Kari S. Døvre og ler høgt.

Samarbeid mellom ulike organisasjonar
Martine Vonen Kvaal (15) frå Førde har aldri vore på ein liknande leir før, men ho reiser gjerne på leir oftare dersom ho er så heldig å få sjansen til det.

- Det er veldig spennande å overnatte i lavvo. Dessutan er det kjempekjekt å få heilt nye venner frå ulike delar av fylket, fortel Martine ivrig.

Arrangementet er eit samarbeid mellom 4H Sogn og Fjordane, Jeger- og fiskerforbundet i fylket og Fosseheimen Naturpark 4H-gard. På førehand hadde dei sett opp 25 ledige plassar på leiren, og desse vart fort opptekne.

- Eg er glad eg melde meg på denne leiren i god tid, smiler Sigrid Husevåg (17) frå Bryggja. Ho har reist langt for å komme til Viksdalen, men synest likevel at det var verdt den lange reisa.

- Ein flott gjeng
Karina Hetle Solheim ved Fosseheimen Naturpark 4H-gard var ein av initiativtakarane til leiren.

- Det er ein veldig flott gjeng å ha på leir. Alle er så samarbeidsvillige og hjelper til med alt. Det er ingen som trekk seg unna, og alle er i strålande godt humør. Det kunne verkeleg ikkje blitt betre, seier ho og smiler stort.