Du er her: 4H Norge // Rogaland // grytenuten-4h
Del/bokmerk
Storkurs 2011

Marit Surndal blir utfordra av tryllekunstnaren.

Storkurs 2011

400 kjekke ungdommar på kurs på Klepp.

Storkurset til Rogaland 4H er det største i sitt slag i landet. Kvart år samlast hundrevis av ungdommar for å vere i lag, ha det kjekt og lære nye ting. I dag er det kurs i alt muleg frå mjølkeproduksjon, trylling, livredding og dans til drops, kortlaging, lefsebaking og cheerleading.

Storkurs varar frå fredag til søndag, og vi bur i ein svær hall kor vi søv i båsar med fleire klubbar. Måltida har vi i turnhallen her på Klepp, og om kveldane samlast alle i miljøtorget kor det er kiosk, is-bu og kaffi til dei vaksne.

I år reiser 8 barn og 1 vaksen frå Grytenuten 4H til storkurs. I tillegg har vi med oss ei frå Frisko i Erfjord.

Lefsebaking