Du er her: 4H Norge // Rogaland // grytenuten-4h
Del/bokmerk
Til deg som skal vere dommar i 4H

Til deg som skal vere dommar i 4H

Hei – så kjekt at du vil stille opp som dommar for prosjekta våre! Her er litt informasjon om kva som er dine oppgåver:

 

1. Boka: 
Boka/bøkene får du heim til deg kommande tysdag.
Barnet skal ha ein plan som er godkjend av Judit, Elna eller Toyni og ein avtale med heimen som er signert av ein av dei heime. I boka skal barnet ha skrive om korleis ho har løyst prosjektet sitt = logg.  Dei eldste skal ofte ha rekneskap og/eller budsjett. Det vil du sjå av boka. 
For å få eit godkjend prosjekt må barnet ha plan, avtale og logg (og rekneskap/budsjett). 
 
2. Utstillinga:
Du kan komme og sjå utstillinga torsdag 18. oktober mellom 19 og 20 eller fredag 19. oktober  mellom 10 og 11.  Utstillinga vil bestå av ein plakat kor barnet har skrive kva prosjektet dreier seg om, kven som har prosjektet og kor gammal ho er. Utstillinga elles skal vise litt av det barnet har jobba med i løpet av året. Det kan vere alt frå strikketøy og kaker til lydfiler eller film med dans og musikk. Viss barnet har nokon form for matlaging som prosjekt vil det vere smaksprøver til deg på bordet (eller på kjøla). Det er viktig at utstillinga er fin og presenterer prosjektet på ein god måte. Det er også viktig å hugse på at desse 4H-araane er alt frå 10 til 17 år, så naturleg nok ventar vi meir av dei eldste enn dei som nettopp har begynt i 4H ☺
For å få eit godkjend prosjekt må barnet ha ei fin utstilling som fortel kva ho har jobba med dette året.
 
3. Dommararket:
Saman med boka får du eit ark. Her skal du skrive ein kommentar til kvart barn du skal vurdere.  Du må fortelje korleis du opplever at barnet har løyst prosjektet sitt og om det er godkjend eller ikkje. Det er veldig gildt med konkrete tilbakemeldingar på det ein har gjort, og her er rom for både skrøyt og konstruktiv kritikk. Det er eit fint prinsipp med meir skrøyt enn kritikk, og ikkje minst minner vi igjen om at dei yngste ikkje er meir enn 8-9 år ☺
 
Skulle du vere i tvil om du kan godkjenne eit prosjekt, vil vi gjerne at du tar kontakt med oss slik at vi kan sjå om det er noko vi og barnet kan gjere for å ordne på dette.
 
Prosjektboka og dommararket må vi få tilbake haustfesten byrjar fredag kveld klokka 18.30.  Du kan gjerne skrive ferdig og leggje det att når du kjem og ser på utstillinga.
 
Er det elles noko du lurer på, så må du gjerne kontakte oss klubbrådgjevarane.
Og så minner vi om at du er hjarteleg velkommen som vår gjest på haustfesten fredag 19.oktober!
 
Helsing klubbrådgjevarane i Grytenuten 4H:
 
Judit Sonia Toyni 
476 02 267 976 64 184 982 21 410