Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Feiring av den globale 4H-dagen

Feiring av den globale 4H-dagen

Millionar av 4H-arar feirar den globale 4H-dagen 1.november.

På dette kartetkan du sjå alle land som har 4H-aktivitet. Som du ser kan du møte barn og unge med 4H-kunnskap i alle deler av verda, i meir enn 80 land.

Målet for alle desse organisasjonane er å hjelpe ungdom til å bli omsorgsfulle og ansvarlege leiarar som skaper positive endringar. 4H er morosamt, aktivt og sosialt. Her får du lære ved å gjere enten du bur i Japan, Ghana, Sverige eller Jamaica.

Som 4H-ar får du mange tilbod om utveksling der du kan møte unge frå andre land. Målet for all utveksling er at unge skal få lære om andre kulturar, forstå meir av andre samfunn og dermed utvikle seg. Respekt, solidaritet, kunnskap og haldningar går hand i hand.

La fleire bli kjent med 4H! Inviter nye medlemmer til 4H-klubben din slik at fleire får ta del i artige og lærerike aktivitetar. Engasjer deg og venene dine og nytt deg av tilboda både lokalt og globalt!

 

 

 

På studietur i Gambia, eit av mange land som har 4H. Her får du ny kunnskap, nye vener og ny innsikt.