Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge
Del/bokmerk

Mai: Arne Hjeltnes

I mai lar vi oss vi oss inspirere av en turglad mann; nemlig Arne Hjeltnes. Han oppfordrer både til å sove ute og mener at maten er en viktig del av turopplevelsen.


Arne Hjeltnes (t.h.) ut på tur med sin gode venn Arne Brimi.

Arne Hjeltnes er forfatter, humorist og programleder. Han er mest kjent fra programserien Gutta på turTV 2, der han sammen med Arne BrimiVegard Ulvangog Bjørn Dæhliehar reist rundt i verden med forskjellige gjester og besøkt en rekke ulike steder. Han har også ledet programmet Det norske måltid og skrevet bok om friluftsliv for hele familien. Hjeltnes har vunnet Gullruten to ganger for beste programleder. (Kilde: Store norske leksikon/wikipedia.org)

1) Hvorfor bør barn og unge bruke tid på å drive med friluftsliv og være ute?
Friluftsliv er viktig for kropp og sjel. Me har eit fantastisk utgangspunkt for store opplevingar her i landet. Viss ein byrjar tidleg, vert ikkje dette med friluftsliv noko farleg eller uoverstigeleg. Å legga seg ut i sovepose, i telt, fiske litt ved eit vatn er kjekt å kunne og fint å dela med andre. Det gir livsglede og eit rikt liv, ikkje minst når ein seinare får born. Og så er det godt for helsa.

Det er viktig at borna vert med tidleg i 4H eller i speidar, slik at dei kjenner friluftslivet når dei seinare vert invitert ut på tur med andre. Å gå frå hytte til hytte med andre ungdommar eller studentar er verkeleg moro. Då er det kjekt å ha vore ute i naturen litt før, slik at du ikkje vert sittjande heime fordi du er redd for å dumma deg ut.

Friluftsliv er basiskunnskap alle bør kunne litt om.

2) Hva er din beste matopplevelse ute i naturen?
Eg har mange store matstunder rundt bålet. Då eg var liten var eg speidar og vart tidleg glad i mat på bål, sjølv om nivået ikkje var det same som dei åra eg har reist rundt saman med Arne Brimi. Sidan eg har vore mykje på tur med ungane min, er sjølvsagt nokre av våre stunder dei aller gjevaste. Pannekaker på bål eller overnatting i telt ved eit lite vatn.

Men eg har faktisk ete mitt aller beste måltid rundt eit bål. Det var då me lagde Gutta på Tur til Alaska. Me var på Kodiak øya og fiska laks.

Eg hadde fått ein diger laks på 14 kilo. Brimien pakka heile laksen i folie etter å ha fyllt han med fløyte, lauk og litt krydder. Den store aluminimumspakka låg og kosa seg i glørne. Brått reiste Brimien seg og sa: No er den ferdig. Og det var den. Den smakte himmelsk. Han har baka kake på bål og. Det gjorde han på Kreta.

 

3) Hvilken anbefaler du å spise på tur?
Eg anbefalar lefser fylde med ost, skinke litt sennep eller laks, litt snøfrisk og urter. Pakka som smellbonbon´ar i alufolie. Når du har fyrt opp bålet legg du desse små pakkene på bålet. Eit herleg alternativ til pylser.

NB: Husk at det er generelt bålforbud i Norge mellom 15. mai og 15. september, men at det likevel er mulig å gjøre opp bål dersom man har tillatelse fra brannsjefen i kommunen eller bruker bålplasser som er forhåndsgodkjente. Sørg for å ha nødvendige godkjenninger i orden på forhånd!