Del/bokmerk
- Ei super helg i 4H

- Ei super helg i 4H

Over 100 ungdomar deltok på Superhelga i 4H første helga i februar. – Ei kjempebra helg med masse læring og moro, smiler Sigrun Sjømæling (19), kursansvarleg i 4H Møre og Romsdal.

Under Superhelga i 4H blir det arrangert både styrekurs, plakettfest og fylkesårsmøte. Dei fleste deltakarane er mellom 10 og 18 år, og fekk god opplæring i det å drive organisasjonsarbeid.

- Helga lever opp til namnet. Det vart ei super helg, slår Sigrun Sjømæling fast.  

- Nye vener frå heile fylket
Under Superhelga får deltakarane frå 4H-klubbane rundt om i fylket lære om dei forskjellige styreverva, gjennom kurs for leiarar, sekretærar, kasserar, styremedlemmer og ringrevar – dei som har vore med i styret ei stund.

Laurdag ettermiddag fekk alle delta på plakettfesten til 4H, der medlemmene som er ferdig med 4H-løpet på minst sju år fekk plakett og vitnemål. På søndag deltok alle på årsmøtet i fylkeslaget.

- Men det er ikkje berre teorikurs og møte denne helga. Det vart også masse tid til sosialt og moro. Høgdepunktet for mange er nok å bli kjent med andre ungdomar frå heile fylket, fortel Sjømæling. 

Stor aktivitet
4H Møre og Romsdal har fleire spennande arrangement utover våren og sommaren. 12.-14. april inviterer fylkeslaget til «Senior- og alumnsamling» på Skaret i Molde for ungdomar frå 15 år og oppover og 27. til 30. juni er det klart for fylkesleir med fleire hundre deltakarar på Gjermundnes vidaregåande skule i Vestnes kommune. I september inviterer fylkeslaget til Storkurs i Valldal.

- 4H er sosialt, morosamt og aktivt – og vi lærer ved å gjere. Vi har stor aktivitet i dei 35 4H-klubbane i fylket, slår Sigrun Sjømæling fast.