Del/bokmerk
4H for alle

Bilete frå regionmøte i 4H i 2017.

4H for alle

4H søkjer to 4H-klubbar som vil vere med i prosjektet «4H for alle» i 2019. 4H for alle handlar om inkludering og rekruttering til klubben, og klubbane får pengar og oppfølgjing i dette arbeidet.

For å bli ein av klubbane i 4H for alle må de sende ein e-post til maybritt.skjortnes@4h.noinnan 25. januar. Vi kjem til å annonsere kven som blir dei to klubbane under Superhelga 1.-3. februar.

Dei to klubbane som blir med i prosjektet får 10 000 kr kvar og besøk frå May Britt Skjortnes, som skal leie prosjektet, våren og hausten 2019. Her skal vi planlegge og diskutere aktivitetane og korleis vi kan inkludere fleire i klubben.  

Oppgåva til dei to klubbane blir å invitere fleire til dei arrangementa de har planlagt i 2019, med mål om fleire medlemer – gjerne med innvandrarbakgrunn. Undervegs bør de ta bilete og skrive litt om arrangementa, som kan delast med andre 4H-klubbar etter at prosjektet er ferdig på slutten av 2019.

Målet med 4H for alle er at 4H-klubbane i Møre og Romsdal skal få auka kunnskap og bli tryggare i arbeidet med å inkludere fleire i det lokale arbeidet. I tillegg til aktivitet i lokale klubbar inviterer vi til kurs i praktisk inkluderingsarbeid og vi vil starte ny 4H-klubb.

Prosjektet er støtta av «Mangfold og inkludering i LNU og av «LIM» i Voksenopplæringsforbundet i Møre og Romsdal.