Del/bokmerk
Bli med på Inspirasjonssamling!

Bli med på Inspirasjonssamling!

11.-13. januar samlast vi til inspirasjonssamling i Molde. Inkludering, motivasjon, verving, synleggjering og besøk til Solemdal 4H-gård står på menyen.

Inspirasjonssamling blir arrangert på Quality Hotel Alexandra i Molde 11.-13. januar. Vi har eit veldig spennande program, der du kan lære, dele, diskutere og bli litt utfordra.

Last ned flyer for arrangementet.

Påmeldinga finn du HER

Hovudtema for helga er:

Inkludering og motivasjon
Cidi Nzita er 22 år og kom frå Angola til Norge og Florø som einsleg mindreårig i 2003, sju år gamal. Han har budd i fosterheim i Bergen, har vore elevrådsleiar, toppidrettsutøvar og er i dag ansvarleg for integreringsprosjektet “Alle skal med - et lysglimt i hverdagen”. Han vil snakke om inkludering og motivasjon under samlinga. Cidi besøkte inspirasjonssamlinga i 4H Sogn og Fjordane i 2018 - og rørte og imponerte deltakarane.  

Besøk til Solemdal 4H-gård
Vi besøker den nyaste 4H-garden i landet, Solemdal 4H-gård, på Skåla utanfor Molde. Her blir vi kjent med tilboda på garden. Du kan også handle i gardsbutikken. Vi skal vere ute.

Synleggjering og verving
Korleis få med fleire i 4H og bli meir synlege? Monika Swigon er alumn og jobbar for tida som prosjektleiar i 4H Norge med ansvar for digitale 4H-prosjekt og verving. Ho har mange gode tips til både verving og det å gjere 4H meir synleg.

Informasjon, diskusjon og erfaringsutveksling
Lær om prosjektet 4H for alle, digitalisering av 4H-prosjekta og mykje anna nyttig og kjekt.

Praktisk informasjon:

Stad: Quality Hotel Alexandra, Molde

Samlinga er for: Alle aktive rådgivarar, samt andre hjelparar / ressurspersonar i 4H.

Pris: 2500,- i enkeltrom / 1950,- pr pers. i dobbeltrom / 1850,- pr pers i trippelrom. Alt inkludert. Dagpakke, inkl. kurs, to lunsjar og to middagar: 1500,-.

Påmelding: Frist: 15. des. Påmeldinga opnar i medlemsregisteret / «min side» 1. nov.

Program:

Fredag 11. januar:
19.00 Middag
20.00 Velkommen og presentasjon
20.15 Cidi Nzita, inkludering og motivasjon

Laurdag 12. januar:
09.00 Info frå fylket
10.30 Gruppediskusjon / erfaringsutveksling om inkludering
12.00 Lunsj
13.00 Avreise til Solemdal 4H-gård. Uteaktivitetar.
16.00 Reise tilbake til hotellet
17.00 Digitalisering av 4H-prosjekta
20:00 Middag og sosialt

Søndag 13. januar:
09.30 Verving og synleggjering v/ Monika Swigon, 4H Norge
12.30 Oppsummering og evaluering
13.00 Lunsj, heimreise

Last ned flyer for arrangementet i filvedlegget: