Del/bokmerk
Haustfest i 4H-klubbane!

Bilde av Fjellrosa 4H, som vart Årets 4H-klubb 2017

Haustfest i 4H-klubbane!

I september og oktober er det tid for haustfestar i 4H-klubbane :) Her finn du ein del nyttig informasjon om haustfesten.

Det nærmar seg haustfest i 4H-klubbane, og også i år vil klubbane med jubileum få besøk frå fylkeslaget, samt nokre andre. I år har Vårbrus 4H (60 år), Bjerkely 4H (60 år), Regnbuen 4H (50 år) og Storm 4H (25 år) jubileum!

 

Bestill merke!
Hugs å bestille merke til haustfesten via 4H Norge sin nettbutikk. Logg inn som 4H-klubb. Du kan rekne med at det tek eit par veker før du har merka i posten. Ved spørsmål, kontakt Marianne S. Hansen i 4H Norge, marianne.hansen@4h.no / 452 55 060.

 

Registrer prosjekta!
Vi minner også om at klubbane må registrere prosjekta til dei medlemene som ikkje ordnar dette sjølv i medlemsregisteret. Dette er viktig for å få ut lister over kva merke klubben skal ha, og for at medlemene skal få godkjent prosjekta og få ut rett 4H-vitnemål, samt plakett. Her finn du brukarrettleiingar.

Her kan du finne tipshefte til haustfesten og informasjon om vurdering av 4H-prosjekta.