Del/bokmerk
Info om fylkesleiren på Gjermundnes

Info om fylkesleiren på Gjermundnes

Fylkesleiren nærmar seg med stormskritt. Leirkomiteen har jobba og lagt til rette for at alt skal gå på skinner desse dagane. Her kjem den siste informasjonen til dykk som er påmeldte.

Leirsjef:

Årets leirsjef er Sigrun Sjømæling Ho er medlem i Bjerkely 4H og sit i fylkesstyret.

Om de har spørsmål som de ikkje finn svar på i denne e-posten eller i invitasjonen, ta kontakt med 4H kontoret (96096783) eller leirsjef Sigrun (91569701).

Betaling:

I år som i fjor vil vi krevje at alle deltakarar på fylkesleiren har betalt deltakaravgifta i forkant av leiren. (dei siste fakturaene gjekk ut 21.06.))Dei som ikkje har betalt innan to dagar før leiren startar må enten ha med kvittering på betalt faktura ELLER må betale kontant «i døra». Medlemskontingenten må og ver betalt, dette er kjempeviktig med tanke på at forsikringa skal ver i orden.

Dei som har bestilt leirmerker, betalar desse kontant på leiren.                                         

Leiren er på Gjermundnes VGS , Vikebukt:

For veg hjelp, sjå her:

Program:

Program Fylkesleir 2017. Oppmøte frå kl. 15.00 torsdag. Middag blir servert om lag kl. 19.00.

Deltakarlister og aktivitetar:

Liste over påmeldte frå klubbane og kva aktivitet kvar enkelt er påmeldt ligg ved. Ta med det du treng til din aktivitet:

  • Volleyball: Treningskle og gode sko
  • Gardsbesøk: klede som toler vask
  • Klatring: ledige kle
  • Fjelltur til «Rampestreken»: turklede og gode sko
  • Hest: klede som toler vask
  • Fotball: fotballsko /lette kle/ leggbeskyttera
  • Sveising: klede du ikkje er redd for

 

Pakkeliste - det er lurt å samordne dette med resten av klubben:

  • Telt, sovepose og liggeunderlag
  • Regnkle, godt fottøy og støvlar
  • Lettare kle
  • Varme kle
  • Badetøy
  • Toalettsaker
  • Tørrmat – lurt å samarbeide med dei andre i teltet eller klubben
  • Tallerken og bestikk til middagen
  • Matboks og drikkeflaske til lunsj
  • Enkelt førstehjelpsutstyr
  • Solkrem og myggmiddel
  • Skrivesaker
  • Liten sekk til å ha verdisaker og andre viktige ting i når du er ute i leirområdet eller på aktivitet. Du har sjølv ansvaret for verdisakene dine. Tenk over kva du har med. Lommepengar til bruk i kiosken, butikken og miljøtorget. Det er ikkje minibank i leirområdet, og vi har ikkje bankterminal.

 

Tema – Cowboy og Indianar:

På laurdagskvelden har vi cowboy og indianar party. Leit i skapet og bruk fantasien.

Vi oppfordrar alle til å kle seg ut, store og små     

Det blir også kåringar av kostymer i div. kategoriar, og sjølvsagt premiering.

Vi oppfordrar til at de tenker same tema når de planlegg

tuna.

Konkurransar/premiering av:

  • Tun
  • Kostyme
  • Volleyballturnering
  • Tautrekking
  • Natursti
  • Morgonfugl (trekning kvar morgon)

Miljøtorg:

MORAL stiller som vanleg med Miljøtorg. Det opnar kvar kveld etter at kveldsprograme er ferdig og stenger kl 01.00 på torsdag og fredag og kl. 03.00 på laurdag. Rykta seier at dei planlegg noko sprell JDet skal vere ro i teltleiren kl 24.00. Da er også besøkstida for aspirantar i miljøtorget over. (Aspirantar er dei som er fødd i 2006 eller seinare).

Kiosk:

I kiosken får de kjøpe det de treng av ”snop”. Det blir Grøn kiosk (fruktporsjonar) og litt andre godsaker. Kaffi blir det mulig å få kjøpt i kiosken, der får de og fylt opp kanner om de ønskjer det.

Det er butikk i nærleiken av leiren. Men vi ber om at deltakarane ikkje nyttar denne, dette er fordi der ikkje er kapasitet til så mykje folk. Er det noko som trengst der frå må leiarane ordne dette.

Volleyballturnering og tautrekking:

Det blir 2 klasser som før. Ei for aspirantar og ei for junior/senior.

På volleyballturneringa skal det vere 6 stk på kvart lag, det er lov å ha med innbytarar. Det går an å mikse lag mellom fleire klubbar dersom klubben sjølv ikkje har nok spelarar til å danne eit lag. Den miksinga må de ordne sjølv – har de ikkje fullt lag så ta kontakt med dei andre i tunet. Samansette lag skal ha eige namn.

Tautrekking: Lagets deltakarar skal til samen ha en alder på maks 120 år. (Dvs. f eks 10 stk. på 12 år eller 2 stk. på 60 år) Alderen som teller er den alderen du fyller i år.

Påmeldinga av lag skal skje seinast fredag kl. 09.00. Det skal meldast på berre heile lag, med fullt namn og alder deltakarar. Skjema får de på leirkontoret.

Tun og mat:

Lista over korleis tuna er satt opp ligg ved i eige vedlegg. Det skal vere ro i teltleiren kl. 24.00. Dei som vil sove må få lov til det.

Tørrmaten (frukost, lunsj og evt kvelds) må de ordne med sjølve. Det er lurt at klubben ordnar det slik at de har felles mat og felles eting. Alle får utdelt mjølk til tørrmåltida.

Det er ikkje kjølekapasitet i leiren, men vi stiller med fryser til fryseelement.

Middagen får vi ferdig tillaga. Alle må ha med eige bestikk og fat. Prøv å unngå dei dårlegaste papptallerkane – det kan og vere lurt å ha noko som er fast og stødig under tallerkenen.

Då gjenstår det berre å ønske dykk hjarteleg velkommen til årets fylkesleir!!!