Del/bokmerk
Klart for ny Superhelg!

Kasserarkurset under Superhelga 2018.

Klart for ny Superhelg!

Er du aktiv i klubbstyret? Då må du bli med på Superhelga i 4H på Fræna ungdomsskole 1.-3. februar! I år har vi også eit nytt kurs deg som er over 14 år.

Velkomen til Daf-kurs, plakettfest og fylkesårsmøte - til SUPERHELG I 4H! Last ned faldar med meir informasjon om Superhelga.

Daf-kurset skal vere på Fræna ungdomskule, der vi har kurs, et, søv og har artige aktivitetar i lag. Det vert kurs for leiar, kasserar, sekretær, styremedlem, ringrev og vaksne i 4H. For deg som har vore på

Superhelg før, ser du at kurset ”ringrev” er nytt i år. Dette er for deg som er 14 år eller eldre, og som har deltatt på DAF-kurs før, men vil lære meir.

Melder du deg på superhelga får du opplæring i styrevervet ditt på fredag og laurdag. I tillegg får du læremeir om kva som skal skje under årsmøtet på søndagen. Årsmøtet er del av styrekursopplæringa, slik at du blir godt kjent med den viktigaste demokratiarenaen i organisasjonen.

Kursalternativa er:

Leiar:
Kurset er for alle leiarane og nestleiarane. Vi deler inn etter erfaring. Lær å leieklubben, om styret si rolle, om samarbeid, og om det å snakke for ei forsamling.

Sekretær:
Lær å skrive referat og møtebok, om informasjonsarbeid og styrearbeidet.

Kasserar:
Lær å føre rekneskap og kassabok for klubben, om budsjett og litt om kor ein kan søkje pengar.

Styremedlem:
Styremedlemer og evt. varamedlemer til styret bør kunne litt av alle ting i styret.

Ringrev:
Kurs for deg som er over 14 år og som har vore med på DAF-kurs før. Lær om korleis du kan gjere 4H meir synleg, få med fleire i 4H og generelt om styrearbeidet. Ringrevane får også ansvar for å planlegge underhaldning og leikar på laurdagskvelden.

Påmeldinga finn du HER

Innkalling til fylkesårsmøte

Sakliste til årsmøte

Årsmelding med rekneskap

Rådgjevarar og foreldre som er med på kurset:
Kurs for dei vaksne som er med på kurset som leiarar, sjåførar osv. Her kan du dele erfaringar og vil vil ta opp ulike tema som rådgjevarar og andre vaksne kan ha nytte av.

Praktisk informasjon:

  • Meir informasjon: Alle påmeldte deltakarane får tilsendt informasjon på e-post i forkant av Superhelga.
  • Påmelding: Meld deg på via ”min side” på 4h.no. Påmeldinga opnar 1. desember. Fristen for å melde seg på er 18. januar. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord. Legg inn ev. allergiar, sjukdomar e.l.som vi bør vite om. Du er automatisk påmeldt fylkesårsmøtet om du ikkje har gjeve anna melding.
  • Manglar passord? Om du manglar passord kan du be om å få dette på e-post. Du må ha e-post adresse registrert i medlemsregisteret. Manglar du dette kan du be ein i klubb¬styret eller 4H-kontoret om å legge adressa inn for deg.
  • Pris: Daf-kurs: kr 950,- pr deltakar og kr 700,- pr. vaksen. Det er inkludert plakettfest på laurdag og årsmøtet på søndag. Kun deltaking på årsmøtet: Kr 350,- pr. deltakar. Faktura blir sendt til klubben. Bindande påmelding. Berre avmelding grunna sjukdom (legeattest) blir refundert.
  • Ta med:Sovepose, liggeunderlag,skrivesaker, klede (inne og ute, vi pyntar oss litt til plakettfesten), toalettsaker, innesko/tøflar/tjukke sokkar mm.

Last ned brosjyre for arrangementet i filvedlegget: