Del/bokmerk
Lyser ut 500 000 til naturmøteplassar

Lyser ut 500 000 til naturmøteplassar

4H lyser i samarbeid med Gjensidigestiftelsen ut konkurransen Draumeplassen denne våren. Fem lokalmiljø kan vinne 100 000 kroner og hjelp til å lage ein naturmøteplass.

Har du ein draum om å skape ein naturmøteplass? No kan lokale lag og organisasjonar søkje Draumeplassen-konkurransen 2019 fram til 15. mai via nettsida www.naturmøteplass.no.

Det er 4H Møre og Romsdal som står bak Draumeplassen, der fem lokalmiljø kan vinne 100 000 kroner kvar og prosjekthjelp til å skape ein naturmøteplass.

- Open og tilgjengeleg
- Vi er veldig glad for å kunne lyse ut ein konkurranse som vil skape fleire møteplassar i naturen og få fleire aktive i friluft. Alle lokale frivillige organisasjonar kan delta, og eg håpar på mange søkjarar til konkurransen, smiler Berit Fredriksen, leiar i 4H Møre og Romsdal og held fram:

-Desse møteplassane er bra for folkehelsa og engasjerer fleire menneske i aktivitet. Draumeplassenvil vere open og tilgjengeleg, og gjerne universelt tilrettelagt.

Konkurranse i fire fylke
Sjølve søknadsskjema finn ein på nettsida www.naturmøteplass.no. Der finn ein også gode eksempel, byggepakkar med teikningar, materiallister og budsjett, og ein eigen prosjektpakke med gode råd i prosessen. 

Draumeplassen-konkurransen blir gjennomført i både Møre og Romsdal, Troms, Østfold og Sogn og Fjordane denne våren. Det er Gjensidigestiftelsen som har støtta prosjektet med 800 000 kroner i kvart av dei fire fylka. Draumeplassen vart for første gong gjennomført i 4H Sogn og Fjordane i 2015, og har sidan den gong blitt gjennomført også i 2017 og 2018. 4H har no mål om at konkurransen skal bli nasjonal i 2020.

- Det er utruleg bra at Gjensidigestiftelsen stiller med så mykje midlar. Eg gler meg til å sjå kor mange søkjarar vi får i fylket vårt utover våren, og håpar mange hiv seg rundt og set i gang planlegginga av ein naturmøteplass, avsluttar Berit Fredriksen, leiar i 4H Møre og Romsdal.

Frå naturmøteplassen til Grimstadhøgda 4H i Tingvoll kommune.