Del/bokmerk
Regionmøte for 4H-klubbane

Regionmøte for 4H-klubbane

4.-12. september inviterer vi 4H-klubbane til i alt seks regionmøte med friluftsaktivitetar, mat på bål, erfaringsutveksling og info frå fylkeslaget. Meld deg på!

På regionmøta samlar vi 4H-klubbane i området til artige friluftsaktivitetar, mat på bål, erfaringsutveksling og informasjon frå fylkeslaget. Møta varer frå kl. 18.00 til 20.30 og blir arrangert på naturmøteplassen til dei lokale 4H-klubbane.

Tid og stad:
4. september: Klurtolla 4H, Istad / Molde
5. september: Fossekallen 4H, Gjøra / Nordmøre
6. september: Rufus 4H, Rindalen / Nordmøre
10. september: Vårbrus 4H, Syvde, Vanylven kommune, Sunnmøre
11. september: Fjellrosa 4H, Hellesylt, Sunnmøre
12. september: Lauparen 4H, Tresfjord / Romsdal

Møta er gratis. Ta på klede og sko etter vêret. Møta blir ute.

Påmelding: Seinast fire dagar før møtet på e-post med namn på klubb og tal deltakarar til berit.fredriksen@hotmail.com.

Regionmøta er ein del av prosjektet "Fritt fram i friluft" i 4H Møre og Romsdal. Du finn flyer for Fritt fram i friluft i filvedlegget nedanfor: