Del/bokmerk
Siste info om fylkesleiren

Siste info om fylkesleiren

27. – 30. juni er det klart for tevlingar, aktivitetar, teltliv og moro på 4H Møre og Romsdal sin fylkesleir på Gjermundnes vgs. på Vikebukt(Vestneskommune).

 

Fylkesleiren nærmar seg med stormskritt. Leirkomiteen har jobba og lagt til rette for at alt skal gå på skinner desse dagane. Her kjem den siste informasjonen til dykk som er påmeldte:

Leirsjef:

Årets leirsjef er Anna Kristin Nisja. Ho er medlem i Fossekallen 4H og sit i fylkesstyret.

Om de har spørsmål som de ikkje finn svar på i denne e-posten eller i invitasjonen, ta kontakt med underteikna eller Anna Kristin (90188342).

- Fylkesleiren på Gjermundnes i år, er årets høgdepunkt for mange av oss i 4H. Det er der vi endeleg kan få møte gamle venner og få nye, smiler Anna Kristine og tenkjer tilbake på tidlegare leirar.Anna Kristine er ein erfaren leirdeltakar og har delteke på leirar i fylket, nasjonalt og for deltakarar frå heile Norden.

 

Leiren er på Gjermundnes VGS , Vikebukt(Vestnes kommune):

For veg hjelp, sjå her:

Program:

Oppmøte frå kl. 15.00 torsdag. Middag blir servert om lag kl. 19.00.

Les heile programet HER

Deltakarlister og aktivitetar:

Liste over påmeldte frå klubbane og kva aktivitet kvar enkelt er påmeldt ligg ved. Ta med det du treng til din aktivitet:

  • Volleyball: Treningskle og gode sko
  • Gardsbesøk: klede som toler vask
  • Klatring: ledige kle
  • Hest: klede som toler vask
  • Sveising: klede du ikkje er redd for
  • Unge kokker: Forkle

Bytte av aktivitet:

På grunn av for få påmeldte går Frisbeegolf og Sosiale Medier ut.  Dei dette gjeld har fått e-post om det. Dei som står utan aktivitet i den vedlagte deltakarlista – har eg ikkje fått tilbakemelding frå.

Dei må velje ein av aktivitetane under, og gi beskjed til meg snarast!!

Sveising 12 år

Hest –Eigenandel kr 200,-

Swing

Livet i fjøra

Friluftsliv

Gardsbesøk

Moro med Moral –17 år

Betaling:

I år som i fjor vil vi krevje at alle deltakarar på fylkesleiren har betalt deltakaravgifta i forkant av leiren. (alle skal ha fått faktura no, ta kontakt om du ikkje har fått)Dei som ikkje har betalt innan to dagar før leiren startar må enten ha med kvittering på betalt faktura ELLER må betale kontant «i døra». Medlemskontingenten må og ver betalt, dette er kjempeviktig med tanke på at forsikringa skal ver i orden.

Ei lita presisering, påmeldinga til leiren er bindande, så om nokon vel å melde seg av etter at påmeldingsfristen er gått ut – må leirkontingenten betalast likevel. Dette fordi vi etter den datoen  bestilte mat og aktivitetar.

Dei som har bestilt leirmerker, betalar desse kontant på leiren. 

Pakkeliste - det er lurt å samordne dette med resten av klubben:

  • Telt, sovepose og liggeunderlag
  • Regnkle, godt fottøy og støvlar
  • Lettare kle
  • Varme kle
  • Badetøy
  • Toalettsaker
  • Tørrmat – lurt å samarbeide med dei andre i teltet eller klubben
  • Tallerken og bestikk til middagen
  • Matboks og drikkeflaske til lunsj
  • Enkelt førstehjelpsutstyr
  • Solkrem og myggmiddel
  • Skrivesaker
  • Liten sekk til å ha verdisaker og andre viktige ting i når du er ute i leirområdet eller på aktivitet. Du har sjølv ansvaret for verdisakene dine. Tenk over kva du har med. Lommepengar til bruk i kiosken, butikken og miljøtorget. Det er ikkje minibank i leirområdet, og vi har ikkje bankterminal.

 

Tema – Barnebursdag, Moral 40 år:

På laurdagskvelden har vi barnebursdag – Moral fyller 40 år!!.

Leit i skapet og bruk fantasien.Vi oppfordrar alle til å kle seg ut, store og små. Det blir også kåringar av kostymer i div. kategoriar, og sjølvsagt premiering.

Vi oppfordrar til at de tenker same tema når de planlegg tuna.

Konkurransar/premiering av:

  • Tun
  • Kostyme
  • Volleyballturnering
  • Tautrekking
  • Natursti
  • Morgonfugl (trekning kvar morgon)

Miljøtorg:

MORAL stiller som vanleg med Miljøtorg. Det opnar kvar kveld etter at kveldsprograme er ferdig og stenger kl 01.00 på torsdag og fredag og kl. 03.00 på laurdag. Rykta seier at dei planlegg noko sprell J Det skal vere ro i teltleiren kl 24.00. Da er også besøkstida for aspirantar i miljøtorget over. (Aspirantar er dei som er fødd i 2008 eller seinare).

Kiosk:

I kiosken får de kjøpe det de treng av ”snop”. Det blir Grøn kiosk (fruktporsjonar) og litt andre godsaker. Kaffi blir det mogleg å få kjøpt i kiosken, der får de og fylt opp kanner om de ønskjer det.

Det er butikk i nærleiken av leiren. Men vi ber om at deltakarane ikkje nyttar denne, dette er fordi der ikkje er kapasitet til så mykje folk. Er det noko som trengst der ifrå bør leiarane ordne dette.

Volleyballturnering og tautrekking:

Det blir 2 klasser som før. Ei for aspirantar og ei for junior/senior.

På volleyballturneringa skal det vere 6 stk på kvart lag, det er lov å ha med innbytarar. Det går an å mikse lag mellom fleire klubbar dersom klubben sjølv ikkje har nok spelarar til å danne eit lag. Den miksinga må de ordne sjølv – har de ikkje fullt lag så ta kontakt med dei andre i tunet. Samansette lag skal ha eige namn.

Tautrekking: Lagets deltakarar skal til samen ha en alder på maks 120 år. (Dvs. f eks 10 stk. på 12 år eller 2 stk. på 60 år) Alderen som teller er den alderen du fyller i år.

Påmeldinga av lag skal skje seinast fredag kl. 09.00. Det skal meldast på berre heile lag, med fullt namn og alder deltakarar. Skjema får de på leirkontoret.

Tun og mat:

Lista over tuninndelinga er utsendt. Det skal vere ro i teltleiren kl. 24.00. Dei som vil sove må få lov til det.

Tørrmaten (frukost, lunsj og evt kvelds) må de ordne med sjølve. Det er lurt at klubben ordnar det slik at de har felles mat og felles eting. Alle får utdelt mjølk til tørrmåltida, det er store kartongar – så ta med kopp.

Det er ikkje kjølekapasitet i leiren, men vi stiller med fryser til fryseelement.

Middagen får vi ferdig tillaga. Alle må ha med eige bestikk og fat. Prøv å unngå dei dårlegaste papptallerkane – det kan og vere lurt å ha noko som er fast og stødig under tallerkenen.

 

Då gjenstår det berre å ønske dykk hjarteleg velkommen til årets fylkesleir!!!