Del/bokmerk
Storkurs - påmeldinga er opna!

Storkurs - påmeldinga er opna!

13.-15. september er det klart for storkurs i fylket! 4H M&R og Ruggå 4H er glade for endeleg å kunne tilby storkurs igjen. Vi skal ver i Valldal i Nordal kommune.

 

I tillegg til kursa blir det aktivitetar som bli-kjent program, underhaldning, leikar og musikk. Du som fyller 12 år i år eller eldre kan vere med. 

 

 

Kva er storkurs?

Storkurset er ei samling av mange artige, spennande og lærerike kurs. Vi arbeider med å få til: klatreparken, leirdueskyting, dropskoking, frilufts kurs, bowling, kaffikurs, yoga, hår fletting og mange fleire. Så følg med 😊

 

Kva er aldersgrensa?

Storkurset er for alle 4H-medlemmer som fyller 12 år eller meir i 2019.
Også vaksne 4H-arar kan delta på kursa.

 

Kvar skal vi vere?

Storkurset skal vere i Valldalen. Nokre av kursa skal vere på skulen, andre utanfor skulen.

 

Kvar skal vi overnatte?

Vi skal overnatte i klasserom på skulen i Valldalen. Det betyr at alle må ha med sovepose og liggjeunderlag. Sidan vi skal sove mange på same rom betyr det at vi må ta omsyn, slik at alle får sove.

 

Får vi mat?

Ruggå 4H lagar og serverar god mat som blir servert på skulen. Dei faste måltida er med i prisen på kurset, medan alle kioskvarer kjem utanom. Dersom du ikkje toler spesielle matvarer, må du melde frå om dette ved påmelding til kurset.

 

Må vi ha med vaksne?

Storkurset er eit stort arrangement med mange deltakarar. For å sikre god kontakt mellom deltakarane og dei kursansvarlege må det vere med ein vaksen leiar pr 15 deltakarar.

Dei vaksne som er med på Storkurset kan sove i eigne klasserom på skulen.
Vaksenleiarane kan få oppgåver undervegs på kurset. Alle leiarane kan delta på kurs om dei ynskjer det. Det blir eit eige vaksen kurs.

 

Program

Fredag 13. september

18:00: Frammøte og innkvartering

19:00: Offisell opning av storkurset

19:30-20:30: Middag

20:30-21:30: Bli kjent i grupper med Moral

21:30-22:00: Bilder frå fylkesleir og landsleir

22:00-22:30: Vaksenleiarsamling

22:00-24:00: Leik og moro uten eit organisert opplegg

24:00: Ro

Laurdag 14. september

08:00: Felles vekking

08:30-09:30: Frukost

10:00-12:30: Kurs

12:30-13:30: Lunsj

13:30-16:00: Kurs

17:00-17:30: Pausemat

17:00-19:00: Fri / planlegge underhaldning.

19:00-20:00: Middag

20:00-: Underhaldning, leikar, konkurransar og sosialt

01:00: Ro

Søndag 15. september

08:00: Felles vekking

08:30-09:30: Frukost

09:30-10:00: Rydding og pakking

10:00-12:00: Felles aktivitet

12:30-13:30: Lunsj og heim

 

Påmelding og pris

På ein del kurs er det avgrensa tal plassar, dei som melder seg på først

får plassane.

Invitasjon med alle aktivitetane kjem i veke 32

Påmelding gjer du på “min side” på www.4h.no/moreogromsdal. Påmeldinga

opnar i 8. august.

 

Les heile invitasjonen med kurstilboda  HER

Påmeldingsfristen er 4. september

 

Storkurset kostar:

Vanleg deltakar kr. 600,-  Vaksne kr. 400,-