Del/bokmerk
Verv nye medlemmar

Verv nye medlemmar

4H Møre og Romsdal ynskjer at klubbane allereie no melder inn nye medlemmar.

 

Medlemmer som melder seg inn etter 1. september heiter haustmedlemmar. Dette er medlem som ikkje har vore aktive før hausten 2018, dei skal ikkje vise fram prosjekt, og heller ikkje få merke på haustfesten.

Dei kan melde seg inn i klubben når dei ønskjer det, men nokre klubbar ønskjer at dei først blir aktive etter haustfesten, da det kan være litt vanskeleg å aktivisere dei samstundes med at dei andre medlemmene jobbar med prosjekta til haustfesten.

Haustmedlemmene som betaler kontingent før 31. desember, blir ståande som telande medlem i klubben og fylket både i 2018 og 2019. Så neste kontingentgiro kjem først i 2020.

Betaler dei etter 31. desember, blir dei ikkje telande før 2019.

For klubbane er det viktig å få flest mogleg telande medlem for å få meir i frifondmidlar. Når ein søkjer om midlar frå kommunen, banken og stiftingar, gir også dei ofte midlar ut i frå medlemstal.

4H Møre og Romsdal er avhengig av å ha eit høgt medlemstal for å kunne halda eit stort aktivitetsnivå, ettersom medlemstalet ofte bestemmer kor mykje pengar dei får frå bl.a. fylkeskommunen og 4H Norge.

BLI MED!