Del/bokmerk
Vinnarar av Draumeplassen 2019

Vinnarar av Draumeplassen 2019

Dei fem vinnarane av «Draumeplassen» er no kåra etter jurymøte 4. juni, og kan dermed byrje arbeidet med å skape ein lokal naturmøteplass.

Årets vinnarar er Todalen IL, Straumen 4H, Fossekallen 4H, Kråkefot 4H og Elvablikk 4H. Vinnarane får 100 000 kroner kvar og prosjekthjelp til å byggje naturmøteplass.

- Hjelpe meg no blir folk glade utropa Ronny Utgård frå Straumen 4H då underteikna fortalde at dei var vinnar av Draumeplassen 2019 i Møre og Romsdal.Jeeeee dette var topp, utropa Malin Forseth frå Fossekallen 4H og uttrykte stor glede over midlane som no er eit faktum.

Møteplassar i nærnaturen

Det er 4H Møre og Romsdal som står bak konkurransen som har vore pilot I nabofylket Sogn og Fjordane i tre foregåande år. Her har konkurransen vore ein stor suksess og har vist stor interesse og behov for naturmøteplassar.

Konkurransen er støtta generøst av Gjensidigestiftelsen som skal ha ein hjarteleg takk for hjelpa og støtta i prosjektet.

Det kom inn 16 søknadar til fylket, og fristen for å søkje var 15. mai.

- Draumeplassen er eit svært interessant prosjekt der nærmiljøanlegg knytta til enkelt friluftsliv er utgangspunktet og målet for prosjektet. At born kan oppleve meistring åleine eller I samspel med andre er svært viktig for å få fremja forståing om riktig bruk av naturen og ta vare på dei verdiane som fins der.

Første gong i Møre og Romsdal

Det er fyrste gongen 4H Møre og Romsdal lyser ut Draumeplassen-konkurranse der alle lokale lag og frivillige organisasjonar kan søkje.

Primus motor og prosjektleiar for Draumeplassen i Sogn og Fjordane Roger Eide har sagt følgjande om satsinga vidare i Draumeplassen: «No byggjer vi stein på stein framover, for ei nasjonal satsing. Samstundes skal vi også søkje viktig balanse med å ikkje tilretteleggje for mykje i naturen. Her trengst ei jamvekt med nok urøyrt natur, vern, ro og stillhet.»

Vi takker også for engasjementet til dei som ikkje vinn i år, og vi vil gi informasjon om korleis dei kan jobbe vidare, for å vonleg realisere naturmøteplassen sin i framtida. Det er viktig at de søkjer midlar bredt og ikkje ventar med å realisere draumane dykkar dersom andre generøse gjevarar vil stilla med midlar, påpeker Ulvund.

Godt fornøgd med søknadane

Haldor Lillebø frå gåvestyret i Gjensidigestiftelsen var med i juryen som kåra dei fem vinnarane i Møre og Romsdal. Han er godt fornøgd med søknadane som kom inn frå lokale lag og frivillige organisasjonar i fylket, og påpeka i jurymøte 4. juni at blant anna gjennomføringsevne og at grunneigaravtalar er på plass, er viktig for dei.

- Gjensidigestiftelsen er opptekne av lågterskeltilbod som treff mange og som fremjar aktivitet og samhandling i lokalmiljøet.

For meir informasjon, kontakt:

Berit Fredriksen, leiar i Fylkesstyret i 4H, tlf. 48071811

Tore Rødseth Ulvund, prosjektleiar 4H for Draumeplassen, tlf. 47963113, epost: tore.ulvund@4h.no .