Du er her: 4H Norge // Rogaland // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
SAUEN

SAUEN

Måndag 3. juni opna mat- og landbruksminister Olaug Vervik Bollestad utstillinga SAUEN på Vitengarden.

Helle Skretting og Jørgen Thuen fra fylkesstyret representerte 4H Rogaland ved opninga. Målgruppa for utstillinga er born og vaksne. Utstillinga «Sauen» er ei permanent utstilling på Vitengarden og bakgrunnen for utstillinga er ein 200-år gammal tradisjon med å føre sauer til høgheiene om sommaren. Heiaføringa er eit gode for sauen, men dyra held og utmarka open og legg slik til rette for allmenn ferdsel både i høg- og lågheiene.

 

Utstillinga har fire ulike soner:

  • Ein småfeklinikk, der barn tek på seg rolla som veterinær, undersøker sauer og lam og stiller diagnosar. Deretter må dyra behandlast. Treng dei antibiotika? Må føtene bandasjerast? Eller kan dei rett og slett aldri verta friske?
  • Heiaføringa og årssyklusen saman med sauen i samtid og fortid fortald gjennom foto. Bygger på materiale samla inn av museet nyleg, på byrjinga av 1990-talet og eldre historisk materiale i samarbeid med Jæren Smalelag, heiasjefar og sauebønder i distriktet, lokale lag av Sau og geit, frivillige som driv trening av gjetarhundar, næringsmiddelindustrien og mange andre.
  • Sauen og sauehaldet tolka av filmkunstnar Anne Helen Robberstad, ein større kunstinstallasjon.
  • Hundre ting om sauen. Gjennom museumsgjenstandar og andre ting formidlar me sauen sin plass i vår kultur.

Utstillinga vil vera open for alle i Vitengarden si vanlege opningstid. Vitengarden tek gjerne imot grupper på dag- og kveldstid og sørger for god servering, omvising og møterom om det er behov for det.

Har de lyst å sjå meir av utstillinga? Kanskje dette er ein idé til Klubbkveld eller tur? Vitengarden eignar seg godt til møter, medlemsmøte og samlingar.

For spørsmål eller bestilling:  vitengarden@jaermuseet.no eller tlf 477 76 020, tast 2.

Nokre bilete frå utstillinga: