Du er her: 4H Norge // Rogaland // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Bli med på landets største friluftsfeiring!

Bli med på landets største friluftsfeiring!

Friluftslivetsveke arrangerast første veka i september, og alle i heile Noreg er invitert til å bli med ut i naturen. Allereide laurdag 31. august brakar det laus med #nattinaturen.

Friluftslivets uke vert markert med aktiviteter og arrangement over heile landet. I fjor var det registrert over 1300 arrangement og aktiviteter på landsbasis under Friluftslivets veke. Det var ei dobling frå året før, og står i stil med at friluftsliv stadig vert meir populært i Noreg.

Oppdag mulegheitane der du bur

Gjennom veka er det er særleg fokus på at folk skal oppdage friluftslivsmuligheitane som er i nærmiljet sitt, og at dei skal få kjennskap til lokale lag og foreiningar som tilbyr aktiviteter og arrangement.

- 4H er opptekne av å skape aktivitet i lokalmiljø over heile landet. Målet er at fleire skal få oppleve og bli kjend med natur og friluftslivet der dei bur. Friluftsliv vert stadig meir populært, og me håpar så mange som muleg har lyst til å vere med på denne store friluftslivfesten, sier rådgjevar Silje Fossbråten i 4H Norge.

#nattinaturen

Friluftslivets veke opnar med sove-ute-aksjonen #nattinaturen. Natt i naturen er ein fin mulegheit til å gje born og unge første smak av å sove ute.

- Gjer det enkelt! Kva med å dra dyna ut på balkongen eller verandaen, eller setje opp telt i hagen? Mange 4H-arar sov også ute under åpne himmel på 4H-dagen, og #nattinaturen er eit fint høve til å gjere det igjen, avslutter Silje Fossbråten, som gler seg til å krype ned i soveposen, ute i det fri, laurdag 31. august.

Kva skjer?

Sjå aktivitetskalenderen www.friluftslivetsuke.no, der du finner en oversikt over aktiviteter og arrangementer der du bor.

HUGS Å SENDE BILETE (OG GJERNE EIN TEKST TIL KNASK) TIL rogaland@4h.no

Fakta

Arrangør: Norsk Friluftsliv (NF)
Hvem er Norsk friluftsliv? Paraplyorganisasjon for 17 friluftslivsorganisasjoner.
Hvem deltar på friluftslivets uke? 4H er med på feiringen sammen med bl.a. Forum for Natur og Friluftsliv (FNF), kommuner, friluftsråd, frivilligsentraler og lokale lag og foreninger over hele landet.

Les mer om friluftslivet uke: