Du er her: 4H Norge // Rogaland // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Hei 4H!

Hei 4H!

Eg heiter Linda Liem og eg starta 1. november 2019 i 80% stilling på 4H Rogaland sitt kontor.

Eg er frå Nederland og flytta med familien i 2008 til Noreg. I Nederland kjenner me ikkje 4H, men me blei kjend med 4H her. Eg har 2 jenter som begge er med i 4H. Dessutan var eg også aktiv som frivillig i 4H. Eg har vore klubbrådgjevar og leiar i 4H-nemnd og var med å arrangere aspirantleir, fylkesleir og junior-storkurs.

Det som eg liker best i 4H er at alle får utvikle seg og lære ved å gjere noko dei likar sjølv. Eg er veldig glad i vitskap og teknologi og reiste rundt som Vitskapsdama til grunnskolar i Ryfylke og Vindafjord. Då hadde eg vitskapsdagar på skolen med vitenshow, klasseaktivitetar og masse gøy!

På 4H kontoret har eg ansvar for administrasjon og rekneskap og er kontaktperson for bl.a. Knask, fylkesstyret og 4H klubbar. Eg gler meg til å jobbe i lag med dykk!