Du er her: 4H Norge // Rogaland // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Jobbe i 4H Rogaland?

Jobbe i 4H Rogaland?

4H Norge, avdeling Rogaland, har ledig: 70% fast stilling som organisasjonsrådgjevar. Arbeidsstad hos 4H Rogaland i Stavanger. Oppstart snarast.

4H Norge avdeling Rogaland har ledig fast stilling:

Jobbe i 4H?

70% fast stilling ledig som organisasjonsrådgjevar.

Arbeidsstad hos 4H Rogaland i Stavanger. Oppstart snarast.    

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kunnskap om og erfaring med frivillig arbeid
  • Kompetanse og erfaring med planlegging, gjennomføring og evaluering av større arrangement for barn og unge
  • Kunnskap om prosjektorganisering
  • Grunnleggande kunnskap innan IKT

Vi søkjer etter deg som:

  • Er kreativ og resultatorientert
  • Har gode formidlingsevner og evne til å rettleie, motivere og inspirere
  • Kommuniserer godt med barn og unge, både skriftleg og munnleg
  • Er sjølvstendig og fleksibel
  • Trivst i samarbeid med barn, ungdom og vaksne

Du blir ein del av:

  • Eit arbeidsfellesskap med moglegheit for påverknad, utvikling og ny læring
  • Eit kreativt miljø

Løn etter avtale.

Politiattest må leggjast fram før tilsetjing.

Arbeidsstaden for stillinga er hos 4H Rogaland i Stavanger sentrum. For stillinga inngår gode pensjons- og forsikringsordningar. Fleksibel arbeidstid. Ein må rekne med noko reiseverksemd, samt kvelds- og helgearbeid. Ein må ha førarkort klasse B. Arbeidsgjevar er 4H Norge med regionkoordinator for Vestlandet som nærmaste overordna.

 

Kontaktperson for stillinga:

Synnøve Jørgensen, regionkoordinator for 4H på Vestlandet: Tlf. 960 96 773/416 17 198.

Søknad og CV sender ein på e-post til synnove.jorgensen@4h.no innan 20. juni 2019.