Du er her: 4H Norge // Rogaland // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Klubbrådgjevarsamlingen 2020

Klubbrådgjevarsamlingen 2020

Rekordpåmelding til Sand. Er du klubbrådgiver ? Bli med du også! Dette blir kjekt!

Velkommen til Klubbrådgjevarsamling 10.-12.januar 2020.

I tradisjon tro startar vi 4H året med Klubbrådgjevarsamling 2.helgen i januar. Nye og tidlegare klubbrådgjeverar treffes på Sand i Suldal og koser seg på ærverdige Ryfylke Fjordhotel. Vi håper alle har lyst å treffe gamle kjente og bli kjent med mange nye bidragsytarar i 4H denne helga.

Vi har bestilt eigen hurtigbåt som går frå Stavanger fredag ettermiddag kl 17.00, med retur etter samlinga på søndag med ankomst Stavanger kl 15.30. Til dykk som bur i nordfylket og Ryfylke, er det mogleg å parkere med eigen bil utanfor hotellet.

KVA SKJER?

Tema for denne helga vil i 2020 være:
Gleda av å være arrangør av 4H arrangement, førstehjelp og den nye prosjektplattforma – men viktigast av alt skal helga gje påfyll og inspirasjon til vidare frivillig arbeid i 4H. Vi har lagt opp til eit program med interne og eksterne krefter, og tid til mykje sosialt samvær. Målet er ideutveksling og erfaringsoverføring som alle kan ta med heim til sin klubb.

Fredag kveld etter middag blir det som vanleg ein sosial happening for å bli litt kjend. Laurdag kveld oppmodar vi til pent antrekk, og håper at nokon av dykk har lyst til å bidra med underhaldning under middagen. Det vil også bli lagt opp til ulike konkurransar i løpet av helga.

På sundagen vil vi ha ein gjennomgang av digitaliseringa av prosjekt, og vi håper at de på førehand kan sende oss spørsmål de lurer på. På denne måten kan vi på best mogleg vis få gitt dykk alle den informasjonen de treng for å ta dette i bruk. Send spørsmål til rogaland@4H.no så raskt som mogleg, og helst innan 15.desember.


         

PROGRAM

Fredag 10.januar:


Kl. 17.00-19.00           Transport frå Stavanger m/eigen båt, og med private biler i fra nordfylket

Kl. 19.00                     Registrering og enkel servering

Kl. 19.45                     Velkommen og forventningar til helga. Kort presentasjon; klubbvis, styret og gjestar

Kl. 20.00-20.15           Gruppepresentasjon

Kl. 20.00-20.15           Arrangement – kva er kjekt ved å arrangera ?

Klubbkveldar – kva skal til for å ha en vellykka klubbkveld? Kva skal til for at storkurs/fylkesleir/styrevervkurs blir kjekt å arrangere og vellukka?

Kl. 21.00                     Middag og sosiale aktivitetar

 

Laurdag 11.januar:

Kl. 09.00                     God morgon og felles oppstart/program gjennomgang

Kl. 09.15                     Arrangement – kva er viktig i forkant, under og etter arrangementet?
                                   Jobbe vidare med det som kom fram på fredagskvelden

Kl. 10.00                     Pause

Kl. 10.15                     Arrangement forsett              

Kl. 11.15                     Pause

Kl. 11.30                     Førstehjelpskurs - teori m/ Frode Vadla Risa, Risa Undervisning

                                  «Mens du venter på ambulansen»                  

Kl. 12.30                     Lunsj & pause til å ta en tur i sentrum

Kl. 14.00                     Valfrie aktivitetar – sjå meir under aktivitetar

Kl. 16.30                     Retur til hotellet

Kl. 16.30                     Frukt og kaffi/te

Kl. 16.45                     Påfyll

Kl. 17.00-18.00           Nemndsmøter

Kl. 20.00                     Middag og sosialt samvær og underhaldning

 

Søndag 13.januar:

Kl. 09.30                     God morgon / programgjennomgang

Kl. 09.40                     Digitalisering av prosjekter – korleis gjer vi det i praksis – spørsmål og svar

Kl. 10.20                     Smånytt – kort informasjon om praktiske saker og ting            

  • Frå fylkesstyret
  • Fylkesleir
  • Storkurs
  • Styrevervkurs
  • Frå kontoret

Kl. 10.45                     Pause til utsjekk

Kl. 11.00                     Arrangement, kommunikasjon og relasjonar

v/Henning Aarekol
Henning er utdanna ambulansearbeidar, sjukepleiar og relasjonsterapeut og arbeidar i HelseFonna. Med ein god dose livserfaring både innan arrangementsleiing og livet generelt presenterer han truverdig og fargerikt kvardagshistoriar med glimt i auga. Henning er kjent frå sitt foredrag «Koffår sitte inne, når alt håp er ute»

Sitat  frå Henning: "ikkje se deg tebage og spør koffår. Se framøve å tenk koffår ikkje "

Kl. 12.00                     Oppsummering, forventingsoppsummering og takk for denne gong

Kl. 12.15                     Lunsj og heimreise

Kl. 13.30                     Avreise med fellestransport til Stavanger
 

Det kan bli endringar i programmet.

               

Frode Vadla Risa                                              Henning Aarekol

 


Valfrie aktivitetar

Alle aktivitetane har begrensa antal plassar, så her gjeld det å bestemme seg raskt og sende inn påmelding med ønska aktivitet.

Aktivitet 1 –   Suldal Bad 
Ta med badetøy og prøv det nye anlegget i Suldal. Suldal Bad opnar i 2019, og har både innandørs og utandørs basseng, Jacuzzi og sklier. Anlegget har flott utsikt utover fjorden.

Aktivitet 2 –   Tursti til Høsebru og Bowling i Suldal Kulturhus 

Aktivitet 3 –   Praktisk førstehjelpskurs + tursti til Høsebru

Aktivitet 4 –   Tursti Høsebru og lage underhaldning til kvelden

                    

Suldal Bad, åpner i slutten av 2019                                       Høse Bru

Foto: Visit Suldal                                                                    Foto: Jarle Lunde/Suldalfoto.no


PRISER: 

Enkeltrom                   kr 3.750,-
Dobbeltrom                 kr 3.250,-
Trippelrom                  kr 3.000,-
Uten overnatting         kr 2.500,-

Faktura for samlinga blir sendt din klubb i slutten av desember. Kursavgifta dekkjer overnatting, mat og aktivitetar. Husk å betale det du set på rommet før avreise fra hotellet sundag.

Fellestransport hurtigbåt tur/retur Stavanger - Sand kr 475,-

* Oppgitt pris på hurtigbåt kan bli endret.

Bindande påmelding innen 3.desember.

Påmelding her.



Har du spørsmål? Kontaktpersonar for arrangementet er:

Rune Bråthen                                  mobil 952 111 84 Mailadresse rune@dalavik.no

Anne-Berit Ånestad Brovold            mobil 412 078 39 Mailadresse anne-berit.brovold@4h.no