Del/bokmerk
Besøk 4H-gardane våre!

Kjekt å vere i stallen på Soldalen besøksgard i Florø.

Besøk 4H-gardane våre!

Visste du at vi har heile seks 4H-gardar i Sogn og Fjordane? Ta med 4H-klubben på besøk og lærerike gardsopplevingar.

Bli meir kjent med 4H-gardane i fylket:

Soldalen besøksgard, Florø

Midt i Florø sentrum finn du Soldalen besøksgard, den nyaste 4H-garden i fylket. Garden hadde opning som 4H-gard i sommar, og har hestar og mange andre dyr – og aktivitetar omtrent kvar dag året rundt! På Soldalen er det tundag kvar søndag. Ein kan også delta på gardsveke i ferien eller avtale besøk og aktivitetar som gruppe. Kontaktinfo finn du på www.4hgard.no.

Strand 4H-gard, Vassenden

På sørsida av Jølstravatnet, omtrent 5 km. frå Vassenden, finn du Strand 4H-gard. På Strand kan du møte sauer, høner, kaniner, kyr og nokre geitekillingar, og 4H-klubbane i bygda har ofte aktivitetar på garden. Her kan du vere med å stelle dyra, lage mat på bål, reise på stølen, fiske i Jølstravatnet eller ha vinteraktivitetar. Kontaktinfo på www.4hgard.no.

Kolbjørntunet, Grov / Flora

På Grov, mellom Eikefjord og Florø, ligg Kolbjørntunet, eit småbruk med sauer, hestar, hundar og katt. På Kolbjørntunet kan du vere med å stelle dyra, lage og smake god mat «frå fjord og jord til bord», lage ting i tre eller ha aktivitetar i skogen. Du finn meir informasjon på www.kolbjorntunet.no.

Bjørkehaugen 4H-gard, Fortun / Luster

I Fortunsdalen i Luster kommune ligg Bjørkehaugen 4H-gard, eit økologisk småbruk med hestar, sauer, geiter, gris, kaninar, gjess, kalkun, høner, hundar og katt. Garden har eigen naturmøteplass og eit aktivitetshus med kjøken og høve til overnatting. På garden kan du delta på aktivitetar med hest, gå dyreløypa, rappellere, lage mat på bål eller lage fine ting. Meir info på http://fortunsdalen.no/bjorkehaugen.html.

Flatheim 4H- og friluftsgard, Viksdalen / Gaular

På veg opp mot Gaularfjellet ligg Flatheim, eit småbruk med overnattingstilbod, naturmøteplass og mange spennande aktivitetar. Her kan du mellom anna ha aktivitetsdag med teambuilding, badestamp, baking i vedfyrt bakaromn eller lage utemat i sjusteinsovn, kokegrop eller på grua. Du kan også fiske, prøve kano eller gå lange eller korte turar. Meir informasjon finn du på www.4hgard.no.

Tuftegarden 4H-gard, Viksdalen / Gaular

Tuftegarden opna i 2010 som den første 4H-garden i fylket. Garden har mjølkeproduksjon og andre dyr, eit stort friluftsområde med naturmøteplassar ved elva og vatnet, overnattingstilbod og tilbod om mange spennande aktivitetar. Grupper som besøker garden kan m.a. prøve badestamp, delta på teambuildingsaktivitetar, lage pizza i eldhuset eller slå opp leir. Meir informasjon finn du på www.4hgard.no.