Del/bokmerk
Knallbra kursprogram på årets storkurs!

Rafting var det mest populære kurset i 2011.

Knallbra kursprogram på årets storkurs!

7.-9. september er det igjen klart for storkurs i 4H på Vassenden! Lyst å prøve deg på brevandring, sminke, teater, paintball, kurs i hip hop eller eit anna spennande kurs? Les meir om årets storkurs!

I år har vi fleire nye spennande kurs på storkurset 7.-9. september. I tillegg til kursa blir det mange andre kjekke aktivitetar som volleyballcup, bli-kjent program og fest med underhaldning og musikk. Nytt av året er at også du som er 12 år eller fyller det dette året kan vere med på storkurs. Last ned kursbrosjyren.

Påmelding og pris

Påmeldinga opnar 14. mai og påmeldingsfristen er 24. august.

På nokre kurs er det avgrensa tal plassar, dei som først melder seg på får plassane.

Påmelding gjer du på min side på www.4h.no/sognogfjordane. Brukarnamnet er det same som medlemsnummer. Dette kan du få frå klubben eller 4H-kontoret. Manglar du passord kan du få dette tilsendt på e-post. Du må i så fall ha e-post adressa di registrert i medlemsregisteret til 4H. Treng du hjelp til å legge inn e-post adressa, kontakt styret, klubbrådgjevar eller 4H-kontoret.

Storkurset kostar kr 650,-. Søsken: Kr 550,-. Enkelte kurs har eigenbetaling.

Årets kurstilbod:

Villmarkskurs

Bli med på eit litt ufordrande, men veldig artig kurs ute i villmarka. Lær å lage din eigen gapahuk, om mat frå naturen, mat på bål og kjekke friluftsaktivitetar. Vi

satsar på å sove ute i sjølvlaga gapahuk natt til laurdag! Ta med gode, varme klede til natt og dag, tepper og sovepose som toler litt kulde.

Instruktør: Frode Byttingsmyr, aktiv 4H-alumn som har teke utdanning i friluftsliv ved Høgskulen i Sogndal.

Rafting

Opplev Jølstra på sitt våtaste med store mengder sprut, spenning og moro - og eit herleg sug i magen! Etter påkledning og tryggleiksopplæring på raftingsenteret set vi flåtane på Jølstravatnet der nødvendige padlekommandoar blir drilla inn, før vi gir oss i kast med elva. Etter turen blir det buss tilbake til raftingsenteret der vi tar ein tur i badestampen for å gjere dagen komplett! Eigendel kr 300,-. Aldersgrense 15 år.

Instruktørar frå Jølster Rafting

Volleyball

Lær meir om volleyball og få masse tid til å spele. Vi lærer om reglar og teknikk, og spelar kampar mot kvarandre. Kurset passar både for deg som er ganske fersk eller deg som har spelt litt volleyball frå før.

Instruktørar: Martine Viken som spelar på Førde sitt eliteserielag i volleyball og Torgeir Timenes Bell som spelar volleyball på Viksdalen og i Førde.

Motorsag

Lær om praktisk bruk av motorsag, om skogpleie og å mekke motorsag. Kurset blir arrangert på Mo jordbruksskule. Dei som har verneutstyr må ta med dette (bukse,

sko, hjelm, hørselvern, briller etc.). Du må vere fylt 15 år ved kursstart for å kunne vere med på kurset.

Instruktør: Arnt Laukeland i Sogn og Fjordane skogeigarlag

Teater

Lær teaterøvingar, leikar og om det å stå på scena. Prøv deg som skodespelar og på å lage sketsjar og anna underhaldning. Her kan du også få idear og tips til haustfesten.

Instruktørar: Helge Ullebust, klubbrådgjevar og teaterentusiast i Fjellklang 4H, og Sigrid Husevåg som tek teaterinstruktørutdanning gjennom 4H Norge

Paintball

Bli med på ein spennande og utfordrande uteaktivitet! Painball handlar om å spele på lag og å markere andre ved å skyte malingsballar, og prøve å unngå å bli markert sjølv.

Aldersgrense 15 år. Du må ta med løyve frå foreldre/føresette for å vere med. Eigenbetaling: 100 kr.

Instruktørar frå Kransen 4H på Ålhus i Jølster.

Foto

Ta med kameraet ditt og lær å finne gode motiv og ta flotte bilete inne og ute.

Instruktør frå fotobutikken Alf Helgheim & co.

Brevandring

Opplev Haugabreeen i Stardalen i Jølster. Breen er del av Jostedalsbreen Nasjonalpark, med flott utsyn over delar av fjell- og brelandskapet i Jølster. Ein kjempeflott tur som kan gjennomførast av folk flest. Eigendel: Kr 100.

Instruktør: Jøran Kalland som har vore breførar i mange år

Hip hop

Lær å danse hip hop av ein ekte breaker! Lær nye moves til heftige rytmar og ver med å lage eit forrykande danseshow.

Instruktør: Ole Petter Knarvik frå Absence. Absence er ei gruppe med fem av noregs beste breakarar. Absence har mellom anna vore finalistar i både Norske talenter og i Dansefeber, og har hatt fleire show både på fjernsyn og frå scena.

Sminke

Lær om stell av hud, om grunnleggande hudpleie og bruk av makeup.

Instruktør er Grete Hellesen. Ho har vore i bransjen sidan 1994 og er drivar og eigar av Parfymelle Florø AS.

Mekking

Lær om skruing, vedlikehald og reperasjonar av motorar.

Lag mat på Fjordamattunet

På Fjordamattunet på Vassenden får du lage din eigen pizza, bollar og bakverk bakt i ein stor vedfyrt bakaromn. Du får også lære å lage tradisjonsbakst steikt på helle. Alt vi bakar får vi smake og ta med!

Fjordamattunet har ein kjempekoseleg atmosfære der ein lagar mat på “gamlemåten” og lagar nye matrettar med tradisjonelle ingrediensar. Eigendel: Kr 100.

Instruktør: Kari Støfringsdal som driv Fjordamattunet og er ein av forfattarane av bøkene Fjordamat, Alle tiders fjordamat og Ta kaka.

Band

Likar du å spele eller synge saman med andre? På dette kurset arbeidar de saman for å framføre musikken dykkar på laurdag kveld. Ta med instrumentet ditt eller stemma di. Meld frå om kva instrument du spelar ved påmeldinga og om du har spesielle musikkynskje.

Instruktør er Jørgen Nilsen Haugland, aktiv 4H-ar som går på musikklinja på Firda vgs.
 

Scrapbooking / kortlaging

Lær deg ein ny og koselig hobby! Med enkle teknikkar lærer du å trylle fram flotte kort eller albumsider i fotoalbumet ditt. Ta med saks, linjal og skrivesaker. Har du papirskjærar, ta med dette også.

Meir informasjon om kursa vert sendt på e-post til deg seinast tysdag 4. september.

 

Spørsmål og svar:

Kva er storkurs?

Storkurset er ei samling av mange artige, spennande og lærerike kurs.

Kva er aldersgrensa?

Storkurset er for alle som fyller 12 år eller meir i 2012. Også vaksne kan delta på kursa.

Kvar skal vi vere?

Storkurset skal vere på Vassenden. Dei fleste kursa skal vere på barneskulen. Der skal vi også overnatte. Maten får vi servert i ungdomshuset Gjesthalla like ved skulen.

Kvar skal vi overnatte?

Vi skal overnatte i klasserom på barneskulen på Vassenden. Det betyr at alle må ha med sovepose og liggjeunderlag. Sidan vi skal sove mange på same rom betyr det at vi må ta omsyn, slik at alle som vil får sove.

Får vi mat?

Blåklokka 4H lagar og serverar god mat i ungdomshuset Gjesthalla. Dei faste måltida er med i prisen på kurset, medan alle kioskvarer kjem utanom. Dersom du ikkje toler spesielle matvarer, må du melde frå om dette ved påmelding til kurset.

Må vi ha med vaksne?

Storkurset er eit stort arrangement med mange deltakarar. For å sikre god kontakt mellom deltakarane og dei kursansvarlege må det vere med ein vaksen leiar pr 15 deltakarar frå kvar kommune.

Dei vaksne som er med på Storkurset vil også sove i klasserom på Barneskulen, og kan få oppgåver undervegs på kurset. Alle leiarane kan delta på kurs om dei ynskjer det.

Andre spørmsmål?

Kontakt oss på 4H-kontoret.

Last ned kursbrosjyren i filvedlegget:

Filer

Vurdering av 4H-prosjekt - ei rettleiingÅrsplan 2019Bli med - somaliBli med - tigrinjaBli med - arabiskBli med - polskBli med - nynorskBli med - bokmålBli med - EngelskSakspapir fylkesårsmøtet 2019Årsmelding 2018Vedtekter 4H Sogn og FjordaneProtokoll fylkesårsmøte 2018Nærmiljøet mitt - idear til kva 4H-klubbane kan gjere4H-kampen februar 2018Årsplan 2018 - word-filÅrsplan 2018Arbeid med statsbudsjettTips til Haustfesten 2017Leirprogramheftet 2017Årsmøteprotokoll 2017Handlingsplan 2017 - 2018Friluftslivets veke 20174H-kamp, marsNytt i medlemsregisteretNytt frå 4H Sogn og FjordaneNytt frå regionleiar ÅgeInformasjon om StyrekursetInformasjon om InspirasjonssamlingaSakspapir til årsmøtet 2017Årsmelding og rekneskap 2016Årsplan 2017, last ned og fyll innMånadsinfo januar 17Prosjektplan DraumeplassenProsjektplan SamspelMånadsinfo desember 2016Månadsinfo November 2016Månadsinfo oktober 2016Årsplan 20174H-kamp novemberTildeling frå SparebankstiftingaNettverkssamlingHelsing frå 4H Sogn og Fjordane til haustfestaneMånadsinfo september 2016Studietur 4H-gard Månadsinfo august 2016Månadsinfo juni 2016Månadsinfo mai 2016Storkurs 20164H-kampen maiMånadsinfo april 20164H-kampen aprilMånadsinfo februar 20164H-kampen februarNytt frå fylketIdear til inkludering og frivilligheitInfo om Superhelg styrekursÅrsmelding og rekneskap 2015Sakspapir fylkesårsmøtet 2016Månadsinfo januar 20164H-kamp januar 2016Stadfesting til politiattestMånadsinfo desember 2015Innkalling til årsmøte 20164H-kampen desemberMånadsinfo november 20154H Matskule - for instruktørar4H Matskule på naturmøteplassen4H Matskule på skulekjøkenet4H Matskule på garden4H Matskule - hausting frå naturen4H-kampen, novemberMånadsinfo oktober 2015Årsplan 20164H-kampen oktoberRettleiing om prosjektvurderingMånadsinfo september 2015Beredskapsplan 4H Sogn og Fjordane4H-kampen septemberInformasjon utdelt på RegionmøtaTips til HaustfestenHøstfestunderholdningHelsing frå fylkesstyret og 4H-kontoretOversikt over Haustfestar 2015Månadsinfo august 20154H-kampen augustMånadsinfo juni 2015Storkurs 2015Månadsinfo april 20154H-kampen aprilMånadsinfo februar 2015Aktivitetsheftet Mangfaldig natur4H-kampen februar 2015Aktivitetspakkar og klubbesøk 2015Årsmelding og rekneskap 2014Sakspapir til fylkesårsmøtet 2015Månadsinfo januar 20154H-kampen januar 2015Månadsinfo desember 20144H Matskule i klubben din4H-prosjekt for heile klubbenBjørkehaugen 4H-gard - tilbod 2015Innkalling til fylkesårsmøte 2015Årsplan 4H Sogn og Fjordane 2015Månadsinfo november 20144H-kampen novemberSuperhelg 2015Tre samlingar om naturmøteplassar4H-kampenRegionmøte - utdelt informasjonBrev om haustfestTips til haustfestenHaustfestdatoarVurdering av 4H-prosjekt30. oktober - Fjærland, naturmøteplass-samlingKjølsdalen 16. oktober - naturmøteplass-samlingHolsen 14. oktober - naturmøteplass-samlingMånadsinfo august 2014Leirprogramhefte 2014Info om aspirantleir Månadsinfo juni 2014Storkurs 2014Månadsinfo mai 2014Det store potetløpet - ruteplan SOF4H-gard studietur 5. juni 2014Månadsinfo mars 20144H-kampen mars 2014Søknadsskjema Sparebankstiftinga / 4H 2014Aktivitetspakkar 2014Årsmelding og rekneskap 2013Sakspapir årsmøtet 2014Månadsinfo januar 20144H-kampen januarInnkalling til fylkesårsmøte 2014Villmarksleir 15+ i vinterferien4H Matskule - tilbod våren 2014Månadsinfo desember 20134H-kampen desember 2013Årsplan 4H Sogn og Fjordane 2014Månadsinfo november 2013Klubb- og samarbeidsprosjekt i 4HPhotostory til haustfest 2013Rettleiing vurdering av prosjektHaustfest - info til klubbaneHaustfest - tips til gjennomføringIdear til haustfesttalenInformasjon gitt på Regionmøta 20134H-kampen august 2012Månadsinfo august 2013Søknadsskjema Sparebankstiftinga / 4HMånadsinfo juni 2013Invitasjon til RegionmøteSøknad om politiattestÅrsplan 2013Kløverknekten 1-2013Månadsinfo april 20134H-kampen april4 timar - 4 aktivitetarStudietur til 4H-gardaneMånadsinfo februar 2013Søknadsskjema Sparebankstiftinga4H-kampen februarSakspapir årsmøtet 2013Årsmelding og rekneskap 2012Vedtekter for 4H Sogn og FjordaneMånadsinfo januar 2013Klubb-besøk 20134H-kampen januarInnkalling til fylkesårsmøteMånadsinfo desemberMånadsinfo november4H-kampen novemberÅrsplan 2013Viktig å hugse på til HaustfestenMånadsinfo september 20124H-kampen september 2012Vervekampanje BlåmannSøknadsskjema SparebankstiftingaPlakettfest 2012Haustfest-presentasjon frå fylketMånadsinfo august 2012Infobrev om haustfestMånadsinfo juni 2012Kurs i redesignMånadsinfo mai 20124H-kampen maiMånadsinfo mars 20124H-kamp marsKlubb-besøk og aktivitetspakkar 2012Månadsinfo februar 20124H-kamp februarÅrsmelding og rekneskap 2011Sakspapir årsmøtet 2012Innkalling årsmøtet 2012Månadsinfo januar 2012Villmarksleir 20124H-kampen januarJulekort 2011Månadsinfo desember 2011Retningslinjer biletbruk i 4HBiletbruk i 4HMånadsinfo november 2011Årsplan for fylket 20124H-kampen novemberMånadsinfo oktober 2011Haustfestar 2011Månadsinfo august4H-kampen augustMorosame aktivitetar i friluftMorosame aktivitetar i friluftMånadsinfo juli 2011Idehefte 2 - Sommer ved kystenIdehefte 1 - Fjæretur Månadsinfo mai 20114H-kampen maiPlakat open leir 24. juniMat på bål - enkle oppskrifterMånadsinfo mars 2011Bli synleg - idear til PR-arbeid i 4HMånadsinfo februar 2011Årsmelding 4H Sogn og Fjordane 20104H-kampen februarTips til klubbturarIdear til klubbaktivitetarAktivitetspakkar - klubbesøk 2011Vedtekter for 4H Sogn og FjordaneMånadsinfo januar 20114H-kampen, januarÅrsplan for 4H Sogn og Fjordane 2011Månadsinfo desember 2010Månadsinfo september 2010Månadsinfo oktober 2010Kløvermedlem rutinar 2016Pressemelding - Gøy på landet - nynorskPressemelding Gøy på landet - bokmålPlakettmottakarar