Del/bokmerk
Storkurs!

Storkurs!

Bli med på Storkurs på Vassenden 13. - 15. september. Her blir det mange kjekke kurs og du får vere i lag med andre 4H-arar ei heil helg!

Velkomen til storkurs!

13.-15. september er det igjen klart for storkurs i 4H på Vassenden! I tillegg til kursa blir det aktivitetar som bli-kjent program, underhaldning, leikar og musikk. Du som fyller 12 år i år eller eldre kan vere med. Meld deg på!!

Kva er storkurs?

Storkurset er ei samling av mange artige, spennande og lærerike kurs.

Kva er aldersgrensa?

Storkurset er for alle 4H-medlemmer som fyller 12 år eller meir i 2019. Også vaksne 4H-arar kan delta på kursa. Alle vaksenleiarane og alumnane som ikkje er med på eit av dei andre kursa må delta på halvdagskurset Vaksenleiar på kurs og leir.

Kvar skal vi vere?

Storkurset skal vere på Vassenden. Vi skal overnatte på barneskulen, og nokre av kursa skal vere på barneskulen, andre utanfor skulen. Maten får vi servert i ungdomshuset Gjesthalla like ved skulen.

Kvar skal vi overnatte?

Vi skal overnatte i klasserom på barneskulen på Vassenden. Det betyr at alle må ha med sovepose og liggjeunderlag. Sidan vi skal sove mange på same rom betyr det at vi må ta omsyn, slik at alle får sove.

Får vi mat?

Blåklokka 4H lagar og serverar god mat i ungdomshuset Gjesthalla. Dei faste måltida er med i prisen på kurset, medan alle kioskvarer kjem utanom. Dersom du ikkje toler spesielle matvarer, må du melde frå om dette ved påmelding til kurset.

Må vi ha med vaksne?

Storkurset er eit stort arrangement med mange deltakarar. For å sikre god kontakt mellom deltakarane og dei kursansvarlege må det vere med ein vaksen leiar pr 15 deltakarar frå kvar kommune.

Dei vaksne som er med på Storkurset kan sove i eigne klasserom på skulen. Vaksenleiarane kan få oppgåver undervegs på kurset. Alle leiarane kan delta på kurs om dei ynskjer det. Det blir eit eige vaksenkurs, som alle må delta på dersom dei ikkje er på eit anna kurs.

Årets kurstilbod:

Friluft og mat

Likar du å vere ute og ønskjer å lære nye ting for og gjere det enda kjekkare? Bli med på friluftslivkurs. I og vil vi prøve å samkøyre friluft og mat på bål, så her veret høve til matlaging òg! Bli med å oppleve ulike måtar å vere ute på - og nyte og nytte naturen. Deltakarane må ha med sekk og klede til å halde seg tørr og varm.

Instruktør: Roger Eide

Kajakk

Det vert kajakkpadling rundt på Jølstravatnet avhengig av kva vêrtilhøva tillét. Er det vindstille kan vi padle tvers over vatnet, er det mykje vind og bølger held vi oss rundt Svidalsneset. Det vert innføring i teknikk og sikkerheit. Alle får våtdrakt, sko og redningsvest, men har du personleg utstyr tek du det gjerne med. Alle må ha varmt klesskift, handkle, lue og varme sokkar pakka i doble posar/ pakksekk (dette tek vi med i kajakken). Vel møtt!

Eigendel: Kr. 300,-.

Instruktørar: Øyvind Korsøen frå Go’ Kajakk.

Konditor

Her vil du lære korleis det er å arbeide som konditor, samt lage dine eigne kaker, desserter og andre bakevarer. Ta med deg eit forklede og eit stort smil!

Eigenandel: 100kr

Det kreative hjørnet

Likar du å vere kreativ, og å arbeide med henda? Då er dette kurset er midt i blinken for deg. Vi leikar oss med forskjellig pynt og bretteteknikkar. Kanskje lagar vi kort, boksar og andre nyttige ting! Er du nybegynnar eller har laga kort frå før? Kurset passar for alle.

Eigenandel: 100kr

Video

Eit nytt kurs på lista i år er videokurs. Er du teknisk anlagt og likar å redigere og arbeide med kamera kan dette kurset passe for deg. På kurset lærer du om å lage kortfilmar, både til eigen bruk og til marknadsføring av aktivitetar ved hjelp av telefon.

Instruktør: Runar Sandnes

 

Unge kokker

Lær å lage spennande og smakfull mat frå botnen, saman med profesjonelle kokkar! Ta med deg eit forklede og eit stort smil!

Instruktør: Unge kokker

Gerilja brodering

Design ditt eige produkt med nål og tråd!

Brannmann for ein dag

Eit anna kurs vi vil tilby i år er brannmann for ein dag. Bli med på stasjonen saman med Jølster Brann, prøve utstyr og slukke eld.

Instruktør: Tor Arild Segtnan

Vaksenleiar på kurs og leir

Dette er eit halvdagskurs for vaksne og alumnar. Og for siste års-senior som skal vere med alumnane på aktivtet om ettermiddagen.

Fokuset på kurset vil vere den vaksne si leiar-rolle når ein er med 4H-medlemmane på kurs og leir. Kva er forventa av vaksenleiaren? Og korleis vere ein god rollemodell for medlemmane? Dette er nokre av temaene vi skal innom.

Instruktørar: Eirik H. Vikøren og Hilde Sværen

Alumn-aktivitet

SOFA inviterer alumnane og siste års-seniorane til bowling og pizza i Førdelaurdag klokka 15.00. Viss du berre vil vere med på alumn-aktiviteten (og ikkje resten av Storkurset) er det eigen påmelding for dette via min side på 4h.no. Følg med på SOFA si Facebookside, SOFA4H, for meir informasjon.

Lurt å ta med:

- Sovepose og liggjeunderlag

- Toalettsaker

- Skrivesaker – papir og noko å skrive med

- Lommepengar (Blåklokka 4H har kiosk på kurset)

- Utstyr som du treng på kurset ditt vil du få beskjed om på e-post seinast 6. september

Program:

Fredag 13. september

16:30-18:00: Frammøte og innkvartering

18:00-18:20: Offisell opning av storkurset, presentasjon av kursintstruktørar

18:20-19:00: Bli kjent i grupper med trivselsagentane

19:00-20:00: Middag

20:30-21:30: Unge kokker

21:30-24:00: Spel, musikk, leikar osv

22:00-22:30: Vaksenleiarsamling

22:00-24:00: 24:00: Ro

Laurdag 14. september

07:30: Felles vekking

08:00-09:00: Frukost

09:00-12:30: Kurs

12:30-13:30: Lunsj

13:30-17:00: Kurs

17:00-17:30: Pausemat

17:00-19:00: Fri / planlegge underhaldning.

19:00-20:00: Middag

20:00-: Underhaldning, leikar, konkurransar og sosialt

01:00: Ro

Søndag 15. september

07:30: Felles vekking

08:00-09:00: Frukost

09:00-10:00: Rydding og pakking

10:00-12:00: Felles aktivitet

12:00-13:00: Lunsj og heim

Kursreglar

Når vi er mange saman i fleire dagar må vi ha nokre reglar å rette oss etter, slik at alle kan ha det så bra som mulig.

1. Ver ein god kamerat og vis alltid omsyn til andre.

2. Det er ikkje lov å forlate kursstaden utan løyve frå vaksenleiar.

3. Etter at det skal vere ro på sovesalane er det berre lov å opphalde seg på tilvist stad.

4. Ver presis til kursøktene og hald orden i tinga dine. Andre sine ting let vi

liggje i fred. Det gjeld sjølvsagt også skulen sine ting.

5. Det er ikkje lov å bade.

6. Det er ikkje lov å gå på butikken, du får mat på kurset og det er kiosk om kvelden. HUGS Å LAGE NISTE PÅ LAURDAG!

5. All bruk av rusmiddel er sjølvsagt forbode, og vil medføre heimsending på eiga rekning.

Påmelding og pris

Påmeldingsfristen er 5. september

På ein del kurs er det avgrensa tal plassar, dei som melder seg på først

får plassane.

Påmelding gjer du på "min side" på www.4h.no/sognogfjordane. Påmeldinga er bindande!

Meir informasjon om kurset vert sendt på e-post til deg seinast fredag 6. september.

Storkurset kostar kr 700,-. Søsken: Kr 600,-.

Vaksenleiar: Gratis.

Filer

Vurdering av 4H-prosjekt - ei rettleiingÅrsplan 2019Bli med - somaliBli med - tigrinjaBli med - arabiskBli med - polskBli med - nynorskBli med - bokmålBli med - EngelskSakspapir fylkesårsmøtet 2019Årsmelding 2018Vedtekter 4H Sogn og FjordaneProtokoll fylkesårsmøte 2018Nærmiljøet mitt - idear til kva 4H-klubbane kan gjere4H-kampen februar 2018Årsplan 2018 - word-filÅrsplan 2018Arbeid med statsbudsjettTips til Haustfesten 2017Leirprogramheftet 2017Årsmøteprotokoll 2017Handlingsplan 2017 - 2018Friluftslivets veke 20174H-kamp, marsNytt i medlemsregisteretNytt frå 4H Sogn og FjordaneNytt frå regionleiar ÅgeInformasjon om StyrekursetInformasjon om InspirasjonssamlingaSakspapir til årsmøtet 2017Årsmelding og rekneskap 2016Årsplan 2017, last ned og fyll innMånadsinfo januar 17Prosjektplan DraumeplassenProsjektplan SamspelMånadsinfo desember 2016Månadsinfo November 2016Månadsinfo oktober 2016Årsplan 20174H-kamp novemberTildeling frå SparebankstiftingaNettverkssamlingHelsing frå 4H Sogn og Fjordane til haustfestaneMånadsinfo september 2016Studietur 4H-gard Månadsinfo august 2016Månadsinfo juni 2016Månadsinfo mai 2016Storkurs 20164H-kampen maiMånadsinfo april 20164H-kampen aprilMånadsinfo februar 20164H-kampen februarNytt frå fylketIdear til inkludering og frivilligheitInfo om Superhelg styrekursÅrsmelding og rekneskap 2015Sakspapir fylkesårsmøtet 2016Månadsinfo januar 20164H-kamp januar 2016Stadfesting til politiattestMånadsinfo desember 2015Innkalling til årsmøte 20164H-kampen desemberMånadsinfo november 20154H Matskule - for instruktørar4H Matskule på naturmøteplassen4H Matskule på skulekjøkenet4H Matskule på garden4H Matskule - hausting frå naturen4H-kampen, novemberMånadsinfo oktober 2015Årsplan 20164H-kampen oktoberRettleiing om prosjektvurderingMånadsinfo september 2015Beredskapsplan 4H Sogn og Fjordane4H-kampen septemberInformasjon utdelt på RegionmøtaTips til HaustfestenHøstfestunderholdningHelsing frå fylkesstyret og 4H-kontoretOversikt over Haustfestar 2015Månadsinfo august 20154H-kampen augustMånadsinfo juni 2015Storkurs 2015Månadsinfo april 20154H-kampen aprilMånadsinfo februar 2015Aktivitetsheftet Mangfaldig natur4H-kampen februar 2015Aktivitetspakkar og klubbesøk 2015Årsmelding og rekneskap 2014Sakspapir til fylkesårsmøtet 2015Månadsinfo januar 20154H-kampen januar 2015Månadsinfo desember 20144H Matskule i klubben din4H-prosjekt for heile klubbenBjørkehaugen 4H-gard - tilbod 2015Innkalling til fylkesårsmøte 2015Årsplan 4H Sogn og Fjordane 2015Månadsinfo november 20144H-kampen novemberSuperhelg 2015Tre samlingar om naturmøteplassar4H-kampenRegionmøte - utdelt informasjonBrev om haustfestTips til haustfestenHaustfestdatoarVurdering av 4H-prosjekt30. oktober - Fjærland, naturmøteplass-samlingKjølsdalen 16. oktober - naturmøteplass-samlingHolsen 14. oktober - naturmøteplass-samlingMånadsinfo august 2014Leirprogramhefte 2014Info om aspirantleir Månadsinfo juni 2014Storkurs 2014Månadsinfo mai 2014Det store potetløpet - ruteplan SOF4H-gard studietur 5. juni 2014Månadsinfo mars 20144H-kampen mars 2014Søknadsskjema Sparebankstiftinga / 4H 2014Aktivitetspakkar 2014Årsmelding og rekneskap 2013Sakspapir årsmøtet 2014Månadsinfo januar 20144H-kampen januarInnkalling til fylkesårsmøte 2014Villmarksleir 15+ i vinterferien4H Matskule - tilbod våren 2014Månadsinfo desember 20134H-kampen desember 2013Årsplan 4H Sogn og Fjordane 2014Månadsinfo november 2013Klubb- og samarbeidsprosjekt i 4HPhotostory til haustfest 2013Rettleiing vurdering av prosjektHaustfest - info til klubbaneHaustfest - tips til gjennomføringIdear til haustfesttalenInformasjon gitt på Regionmøta 20134H-kampen august 2012Månadsinfo august 2013Søknadsskjema Sparebankstiftinga / 4HMånadsinfo juni 2013Invitasjon til RegionmøteSøknad om politiattestÅrsplan 2013Kløverknekten 1-2013Månadsinfo april 20134H-kampen april4 timar - 4 aktivitetarStudietur til 4H-gardaneMånadsinfo februar 2013Søknadsskjema Sparebankstiftinga4H-kampen februarSakspapir årsmøtet 2013Årsmelding og rekneskap 2012Vedtekter for 4H Sogn og FjordaneMånadsinfo januar 2013Klubb-besøk 20134H-kampen januarInnkalling til fylkesårsmøteMånadsinfo desemberMånadsinfo november4H-kampen novemberÅrsplan 2013Viktig å hugse på til HaustfestenMånadsinfo september 20124H-kampen september 2012Vervekampanje BlåmannSøknadsskjema SparebankstiftingaPlakettfest 2012Haustfest-presentasjon frå fylketMånadsinfo august 2012Infobrev om haustfestMånadsinfo juni 2012Kurs i redesignMånadsinfo mai 20124H-kampen maiMånadsinfo mars 20124H-kamp marsKlubb-besøk og aktivitetspakkar 2012Månadsinfo februar 20124H-kamp februarÅrsmelding og rekneskap 2011Sakspapir årsmøtet 2012Innkalling årsmøtet 2012Månadsinfo januar 2012Villmarksleir 20124H-kampen januarJulekort 2011Månadsinfo desember 2011Retningslinjer biletbruk i 4HBiletbruk i 4HMånadsinfo november 2011Årsplan for fylket 20124H-kampen novemberMånadsinfo oktober 2011Haustfestar 2011Månadsinfo august4H-kampen augustMorosame aktivitetar i friluftMorosame aktivitetar i friluftMånadsinfo juli 2011Idehefte 2 - Sommer ved kystenIdehefte 1 - Fjæretur Månadsinfo mai 20114H-kampen maiPlakat open leir 24. juniMat på bål - enkle oppskrifterMånadsinfo mars 2011Bli synleg - idear til PR-arbeid i 4HMånadsinfo februar 2011Årsmelding 4H Sogn og Fjordane 20104H-kampen februarTips til klubbturarIdear til klubbaktivitetarAktivitetspakkar - klubbesøk 2011Vedtekter for 4H Sogn og FjordaneMånadsinfo januar 20114H-kampen, januarÅrsplan for 4H Sogn og Fjordane 2011Månadsinfo desember 2010Månadsinfo september 2010Månadsinfo oktober 2010Kløvermedlem rutinar 2016Pressemelding - Gøy på landet - nynorskPressemelding Gøy på landet - bokmålPlakettmottakarar