Del/bokmerk
Superhelg i 4H 2019

Superhelg i 4H 2019

Velkommen til Superhelg 8. - 10. februar på Skei!

8. - 10. februar er det på ny klart for SUPERHELG I 4H. Du som er i klubbstyret eller er vaksen ressursperson i 4H er invitert.

Superhelg er

  • Styrekurs for alle som sit i styret i 4H-klubben
  • Inspirasjonssamling for vaksne i 4H
  • Fylkesårsmøte

Melder du deg på superhelg styrekurs får du opplæring i styrevervet ditt på fredag og laurdag. I tillegg får du lære meir om kva som skal skje under årsmøtet på søndagen. Årsmøtet er del av styrekursopplæringa, slik at du blir godt kjent med den viktigaste demokratiarenaen i organisasjonen. Superhelg styrekurs blir på Skei skule, der vi har kurs, et, søv og har artige aktivitetar i lag.

Melder du deg på superhelg inspirasjonssamling får du lære om ulike tema og får mange nye idear og impulsar i lag med andre vaksne i 4H. Superhelg inspirasjonssamling blir på Skei Hotel fredag og laurdag.

Fylkesårsmøtet på søndagen er på Skei Hotel. Årsmøtet er også ope for klubbar eller medlemsorganisasjonar som ikkje er med på superhelga.

Helle Formo Hartz frå Sentralstyret i 4H Norge vert med oss denne helga, og vil vere tilstades både på Styrekurset og Inspirasjonssamlinga i tillegg til på fylkesårsmøtet.


Styrekurs

Vi har fem ulike kurstilbod for deg som skal på superhelg styrekurs:

Ny i klubbstyret:For deg som er fersk i styret i klubben. Her lærer du om styreverva, samarbeid, styret sine oppgåver og kjekke aktivitetar. For deg mellom 10 og 13 år.

Leiar / nestleiar:Lær å leie klubben, om styret si rolle, om samarbeid, om det å ta ordet og morosame leikar som de kan bruke på møte i 4H-klubben.

Kasserar:Lær å føre rekneskap og kassabok for klubben, om budsjett og litt om kor ein kan søkje pengar.

Sekretær:Lær å skrive referat og møtebok, om informasjonsarbeid og styrearbeidet.

Ringrev:For deg som er over 14 år, som har delteke på styrekurs før og vil lære meir om klubbdrift og synleggjering av klubben.

Felles program:
Fredag kveld lærer vi om årsmøtet og blir kjende med kvarandre. Dessutan blir det foredrag frå studieturen til Gambia som 4 4H-arar frå Sogn og Fjordane var med på.
Laurdag blir det middag og underhaldning som de førebur på kurset i grupper. 
Søndag er det fylkesårsmøte på Skei Hotell.

Ta med:Sovepose, liggeunderlag, skrivesaker, klede (inne og ute), toalettsaker, innesko/tøflar/tjukke sokkar mm.

 

PROGRAM SUPERHELG STYREKURS

 
 

Fredag 8. februar

 

 

17:00

 Registrering av deltakarar

 

 

18:15

 Opning

 

 

18:30

 Middag

 

 

19:30

 Foredrag med Gambia-reisarane

 

 

 

 Årsmøteopplæring

 

 

21:00

 Bli kjent-opplegg i gruppene

 

 

22:00

 Kiosk og leikar

 

 

23:00

 Ro for natta

 

 

 

 

 

 

Laurdag 9. februar

 

07:30

 Vekking

 

 

08:00

 Frukost

 

 

09:00

 Kursstart

 

 

12:30

 Lunsj

 

 

13:30

 Kursa held fram

 

 

16:15

 Nons

 

 

17:00

 Kursa held fram, meir om årsmøtet, quiz og avslutning

 

 

18:00

 Fri

 

 

19:00

 Planlegge underhaldning til kvelden i grupper

 

 

20:00

 Middag – årsmøtebankett

 

 

21:30

 Underhaldning, leikar og kiosk

 

 

24:00

 Ro for natta

 

 

 

 

 

 

Søndag 10. februar

 

07:30

 Vekking

 

 

08:00

 Frukast

 

 

Årsmøte på Skei Hotel

 

 

09:30

 Registrering

 

 

10:00

 Opning av årsmøtet

 

 

12:00

 Lunsj

 

 

13:00

 Årsmøte held fram

 

 

15:00

 Årsmøtet vert heva

 

 

 

Inspirasjonssamling

Dette er samlinga for deg som er klubbrådgjevar, alumn eller vaksen ressursperson i 4H. Samlinga er fredag 8. og laurdag 9. februar.

Få nye idear, ny kunnskap, del erfaringar og møt andre kjekke vaksne i 4H. Samlinga blir på Skei Hotel. Under klubbrådgjevarsamlinga i år vil vi ha fokus på 4H sin visjon om å bli Større, Smartare og Synlegare.

Større
• Kløvermedlem – ved å skape eit godt grunnlag tidleg, kan sjansen vere større at ein blir
med i 4H lenger.
• Verving – vi vil ha alle med. Har du tenkt på at foreldre, tante og onkel kan vere støttemedlemmer?  

Synlegare
• Korleis skape aktivitet i nærmiljøet? – medlemmane veks på å planlegge og gjennomføre arrangement.
• Media – invitere til arrangement. 4H-prosjekt for å arbeide med synleggjering.
• Profilering – kle og 4H artiklar som 4H-arar vil bruke

Smartare
• Søk pengar i forkant av arrangement.
• Spond – Mykje tid går vekk i planlegging og organisering, og kven kjem egentlig på aktiviteten vi har planlagt? Spond er ein app som forenklar og gjev både arrangør og medlemar god oversikt og informasjon.

Uteøkt med mat på bål og aktivitet/leikar for å lære kor enkelt vi kan skape aktivitet i friluft.

 

Praktisk informasjon

Pris:
Superhelg styrekurs: kr 900,- per deltakar.

Superhelg inspirasjonssamling:
  - Fredag – søndag: Kr 2500,- per deltakar i dobbeltrom / kr 3000,- per deltakar i enkeltrom / kr 1400,- for dagpakke (utan overnatting, inkl. alle måltid). 
  - Fredag – laurdag: Kr 2100,- per deltakar i dobbeltrom / kr 2500,- per deltakar i enkeltrom / kr 1000,- for dagpakke (inkl. middag fredag og lunsj laurdag).
Ein kan også tinge trippelrom til ein litt rimelegare pris. 

Fylkesårsmøte: Er inkludert i prisen for superhelga. Dei som berre deltek på årsmøtet betalar kr 400,-.

Faktura blir sendt til klubben. Bindande påmelding. Berre avmelding grunna sjukdom blir refundert.

Påmelding: Personleg påmelding via ”Min side” (oppe i høgre hjørnet) på heimesida www.4h.no/sognogfjordane. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord.
Merk: Hugs å melde deg på rett kurs! Du som skal på styrekurs melder deg på «Superhelg styrekurs» og det delkurset du skal delta på (leiar, sekretær, kasserar, ny i klubbstyret, ringrev eller Gjer klubben din synleg). Du som skal på inspirasjonssamling melder deg på «Superhelg inspirasjonssamling» og kva dagar du skal delta, type rom eller om du skal ha dagpakke. Legg også inn ev. allergiar, sjukdomar e.l. Du er automatisk påmeldt fylkesårsmøtet om du ikkje har gjeve melding om noko anna.

Manglar passord?Om du manglar passord kan du be om å få dette på e-post. Du må ha e-post adresse registrert i medlemsregisteret. Manglar du dette kan du be ein i klubbstyret eller 4H-kontoret om å legge adressa inn for deg.

Påmeldingsfrist:Innan 22. januar.

Reise: Vi sender ut forslag til bussruter til dei som har meldt seg på.
 
Meir informasjon om superhelga blir sendt på e-post eller i posten til den enkelte deltakar 2 veker før kursstart. Informasjonen blir òg lagt ut på www.4h.no/sognogfjordane.
 

Har du spørsmål, kontakt 4H-kontoret. Du finn kontaktinfo på heimesidene våre. 

 

Filer

Årsplan 2019Bli med - somaliBli med - tigrinjaBli med - arabiskBli med - polskBli med - nynorskBli med - bokmålBli med - EngelskSakspapir fylkesårsmøtet 2019Årsmelding 2018Vedtekter 4H Sogn og FjordaneProtokoll fylkesårsmøte 2018Nærmiljøet mitt - idear til kva 4H-klubbane kan gjere4H-kampen februar 2018Årsplan 2018 - word-filÅrsplan 2018Arbeid med statsbudsjettTips til Haustfesten 2017Leirprogramheftet 2017Årsmøteprotokoll 2017Handlingsplan 2017 - 2018Friluftslivets veke 20174H-kamp, marsNytt i medlemsregisteretNytt frå 4H Sogn og FjordaneNytt frå regionleiar ÅgeInformasjon om StyrekursetInformasjon om InspirasjonssamlingaSakspapir til årsmøtet 2017Årsmelding og rekneskap 2016Årsplan 2017, last ned og fyll innMånadsinfo januar 17Prosjektplan DraumeplassenProsjektplan SamspelMånadsinfo desember 2016Månadsinfo November 2016Månadsinfo oktober 2016Årsplan 20174H-kamp novemberTildeling frå SparebankstiftingaNettverkssamlingHelsing frå 4H Sogn og Fjordane til haustfestaneMånadsinfo september 2016Studietur 4H-gard Månadsinfo august 2016Månadsinfo juni 2016Månadsinfo mai 2016Storkurs 20164H-kampen maiMånadsinfo april 20164H-kampen aprilMånadsinfo februar 20164H-kampen februarNytt frå fylketIdear til inkludering og frivilligheitInfo om Superhelg styrekursÅrsmelding og rekneskap 2015Sakspapir fylkesårsmøtet 2016Månadsinfo januar 20164H-kamp januar 2016Stadfesting til politiattestMånadsinfo desember 2015Innkalling til årsmøte 20164H-kampen desemberMånadsinfo november 20154H Matskule - for instruktørar4H Matskule på naturmøteplassen4H Matskule på skulekjøkenet4H Matskule på garden4H Matskule - hausting frå naturen4H-kampen, novemberMånadsinfo oktober 2015Årsplan 20164H-kampen oktoberRettleiing om prosjektvurderingMånadsinfo september 2015Beredskapsplan 4H Sogn og Fjordane4H-kampen septemberInformasjon utdelt på RegionmøtaTips til HaustfestenHøstfestunderholdningHelsing frå fylkesstyret og 4H-kontoretOversikt over Haustfestar 2015Månadsinfo august 20154H-kampen augustMånadsinfo juni 2015Storkurs 2015Månadsinfo april 20154H-kampen aprilMånadsinfo februar 2015Aktivitetsheftet Mangfaldig natur4H-kampen februar 2015Aktivitetspakkar og klubbesøk 2015Årsmelding og rekneskap 2014Sakspapir til fylkesårsmøtet 2015Månadsinfo januar 20154H-kampen januar 2015Månadsinfo desember 20144H Matskule i klubben din4H-prosjekt for heile klubbenBjørkehaugen 4H-gard - tilbod 2015Innkalling til fylkesårsmøte 2015Årsplan 4H Sogn og Fjordane 2015Månadsinfo november 20144H-kampen novemberSuperhelg 2015Tre samlingar om naturmøteplassar4H-kampenRegionmøte - utdelt informasjonBrev om haustfestTips til haustfestenHaustfestdatoarVurdering av 4H-prosjekt30. oktober - Fjærland, naturmøteplass-samlingKjølsdalen 16. oktober - naturmøteplass-samlingHolsen 14. oktober - naturmøteplass-samlingMånadsinfo august 2014Leirprogramhefte 2014Info om aspirantleir Månadsinfo juni 2014Storkurs 2014Månadsinfo mai 2014Det store potetløpet - ruteplan SOF4H-gard studietur 5. juni 2014Månadsinfo mars 20144H-kampen mars 2014Søknadsskjema Sparebankstiftinga / 4H 2014Aktivitetspakkar 2014Årsmelding og rekneskap 2013Sakspapir årsmøtet 2014Månadsinfo januar 20144H-kampen januarInnkalling til fylkesårsmøte 2014Villmarksleir 15+ i vinterferien4H Matskule - tilbod våren 2014Månadsinfo desember 20134H-kampen desember 2013Årsplan 4H Sogn og Fjordane 2014Månadsinfo november 2013Klubb- og samarbeidsprosjekt i 4HPhotostory til haustfest 2013Rettleiing vurdering av prosjektHaustfest - info til klubbaneHaustfest - tips til gjennomføringIdear til haustfesttalenInformasjon gitt på Regionmøta 20134H-kampen august 2012Månadsinfo august 2013Søknadsskjema Sparebankstiftinga / 4HMånadsinfo juni 2013Invitasjon til RegionmøteSøknad om politiattestÅrsplan 2013Kløverknekten 1-2013Månadsinfo april 20134H-kampen april4 timar - 4 aktivitetarStudietur til 4H-gardaneMånadsinfo februar 2013Søknadsskjema Sparebankstiftinga4H-kampen februarSakspapir årsmøtet 2013Årsmelding og rekneskap 2012Vedtekter for 4H Sogn og FjordaneMånadsinfo januar 2013Klubb-besøk 20134H-kampen januarInnkalling til fylkesårsmøteMånadsinfo desemberMånadsinfo november4H-kampen novemberÅrsplan 2013Viktig å hugse på til HaustfestenMånadsinfo september 20124H-kampen september 2012Vervekampanje BlåmannSøknadsskjema SparebankstiftingaPlakettfest 2012Haustfest-presentasjon frå fylketMånadsinfo august 2012Infobrev om haustfestMånadsinfo juni 2012Kurs i redesignMånadsinfo mai 20124H-kampen maiMånadsinfo mars 20124H-kamp marsKlubb-besøk og aktivitetspakkar 2012Månadsinfo februar 20124H-kamp februarÅrsmelding og rekneskap 2011Sakspapir årsmøtet 2012Innkalling årsmøtet 2012Månadsinfo januar 2012Villmarksleir 20124H-kampen januarJulekort 2011Månadsinfo desember 2011Retningslinjer biletbruk i 4HBiletbruk i 4HMånadsinfo november 2011Årsplan for fylket 20124H-kampen novemberMånadsinfo oktober 2011Haustfestar 2011Månadsinfo august4H-kampen augustMorosame aktivitetar i friluftMorosame aktivitetar i friluftMånadsinfo juli 2011Idehefte 2 - Sommer ved kystenIdehefte 1 - Fjæretur Månadsinfo mai 20114H-kampen maiPlakat open leir 24. juniMat på bål - enkle oppskrifterMånadsinfo mars 2011Bli synleg - idear til PR-arbeid i 4HMånadsinfo februar 2011Årsmelding 4H Sogn og Fjordane 20104H-kampen februarTips til klubbturarIdear til klubbaktivitetarAktivitetspakkar - klubbesøk 2011Vedtekter for 4H Sogn og FjordaneMånadsinfo januar 20114H-kampen, januarÅrsplan for 4H Sogn og Fjordane 2011Månadsinfo desember 2010Månadsinfo september 2010Månadsinfo oktober 2010Kløvermedlem rutinar 2016Pressemelding - Gøy på landet - nynorskPressemelding Gøy på landet - bokmålPlakettmottakarar