Del/bokmerk
Superhelg i 4H

Superhelg i 4H

Velkommen til Superhelg 7. - 9. februar på Sande! Her blir det Styrekurs, Plakettfest og årsmøte i 4H Sogn og Fjordane.

Superhelg er

  • Styrekurs for alle som sit i styret i 4H-klubben
  • Plakettfest for dei som mottok 4H-plaketten i 2019
  • Fylkesårsmøte

Melder du deg på Superhelg Styrekurs får du opplæring i styrevervet ditt på fredag og laurdag. I tillegg får du lære meir om kva som skal skje under årsmøtet på søndagen. Årsmøtet er del av styrekursopplæringa, slik at du blir godt kjent med den viktigaste demokratiarenaen i organisasjonen. Superhelg styrekurs blir på Sande skule, der vi har kurs, et, søv og har artige aktivitetar i lag. Du får også vere med på plakettfesten som skal haldast i Gaularhallen. Her pyntar vi oss opp, et god mat og heidrar dei som fekk 4H-plaketten i 2019.

Fylkesårsmøtet på søndagen er i Gaularhallen. Årsmøtet er også ope for klubbar eller medlems-organisasjonar som ikkje er med på superhelga.

Helle Formo Hartz frå Sentralstyret i 4H Norge vert med oss denne helga, og vil vere tilstades både på Styrekurset og plakett i tillegg til på fylkesårsmøtet.

Praktisk informasjon:

Pris:

Superhelg: kr 900,- per deltakar.

Fylkesårsmøte: Er inkludert i prisen for superhelga. Dei som berre deltek på årsmøtet betalar kr 250,-.

Faktura blir sendt til klubben. Bindande påmelding. Berre avmelding grunna sjukdom blir refundert.

 

Påmelding:

Personleg påmelding via ”Min side” (oppe i høgre hjørnet) på heimesida www.4h.no/sognogfjordane. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord.

 

Merk: Hugs å melde deg på det delkurset du skal delta på (leiar, sekretær, kasserar, ny i klubbstyret, ringrev eller Gjer klubben din synleg).

 

Legg også inn ev. allergiar, sjukdomar e.l. Du er automatisk påmeldt fylkesårsmøtet om du ikkje har gjeve melding om noko anna.

 

Manglar passord?

Om du manglar passord kan du be om å få dette på e-post. Du må ha e-post adresse registrert i medlemsregisteret. Manglar du dette kan du be ein i klubbstyret eller 4H-kontoret om å legge adressa inn for deg.

Påmeldingsfrist: Innan 23. januar.

 

Vaksenleiar: Deltakarane må ha med seg vaksenleiarar på Superhelga, minst 1 vaksen pr 15 deltakarar frå kommunen. Det går fint å samarbeide om vaksenleiar.
Vaksenleiarane må rekne med litt dugnadsarbeid i løpet av helga.

Ta med:Sovepose, liggeunderlag, skrivesaker, klede (inne og ute), toalettsaker, innesko/tøflar/tjukke sokkar, lommepengar – og elles det du treng i løpet av helga.

Det er veldig kjekt om du tek med deg litt fine klede til plakettfesten – vi oppmodar plakettmottakarane om å ha bunad, så då er det kjekt å pynte seg når ein skal vere saman med dei.

Mat og overnatting: vi skal overnatte på Sande skule, i klasserom der. Du vil få servert mat i kantina på skulen.

Reise:Vi sender ut forslag til bussruter til dei som har meldt seg på.

 

Meir informasjon: om superhelga blir sendt på e-post eller i posten til den enkelte deltakar 2 veker før kursstart. Informasjonen blir òg lagt ut på www.4h.no/sognogfjordane.

Har du spørsmål, kontakt 4H-kontoret. Du finn kontaktinfo på heimesidene våre.

 

Styrekurs

Vi har heile 7 ulike kurstilbod for deg som skal på superhelg:

Ny i klubbstyret: For deg som er fersk i styret i klubben. Her lærer du om styreverva, samarbeid, styret sine oppgåver og kjekke aktivitetar. For deg mellom 10 og 13 år.

Leiar / nestleiar: Lær å leie klubben, om styret si rolle, om samarbeid, om det å ta ordet og morosame leikar som de kan bruke på møte i 4H-klubben.

Kasserar: Lær å føre rekneskap og kassabok for klubben, om budsjett og litt om kor ein kan søkje pengar.

Sekretær: Lær å skrive referat og møtebok, om informasjonsarbeid og styrearbeidet.

Trivselskurs: For deg som er over 15 år, som har delteke på styrekurs før og vil lære meir om korleis skape aktivitet i klubben

Årsmøtekurs:For deg som er over 14 år, som har delteke på styrekurs før, og som vil lære meir om demokratiet som årsmøtet er. Her blir det trening i innlegg frå talarstol, tale- og debatteknikk samt korleis ein kan vere aktive under eit årsmøte.

Friluftshelt: For deg som vil lære meir om friluftsaktivitet i klubben din og leggje til rette for at 4H-klubben kan ha meir aktivitet ute.

Felles program:
Fredag kveld lærer vi om årsmøtet og blir kjende med kvarandre.

Laurdag blir det plakettfest, med middag, underhaldning og utdeling av plakett i Gaularhallen.

Søndag er det fylkesårsmøte i Gaularhallen.

 

PROGRAM SUPERHELG

 
 

 

Fredag 7. februar

 

17:00

 Registrering av deltakarar

 

18:15

 Opning

 

18:30

 Middag

 

19:30

 Årsmøteopplæring

 

20:30

 Bli kjent-opplegg i gruppene og kursstart

 

22:00

 Kiosk og leikar

 

23:00

 Ro for natta

 

 

   

Laurdag 8. februar

 

07:30

 Vekking

 

08:00

 Frukost

 

09:00

 Kursstart

 

12:30

 Lunsj

 

13:30

 Kursa held fram

 

16:15

 Nons – Tid til å pynte seg

 

17:00

 Oppmøte plakettfest

 

18:00

 Middag – plakettfest

 

19:30

 Utdeling av plaketten

 

20:30

 Kursa held fram, meir om årsmøtet, quiz og avslutning

 

22:00

 Fritid - kveldsmåltid

 

24:00

 Ro for natta

 

 

 

 

Søndag 9. februar

 

07:30

 Vekking

 

08:00

 Frukost

 

Årsmøte i Gaularhallen

 

09:30

 Registrering

 

10:00

 Opning av årsmøtet

 

12:00

 Lunsj

 

13:00

 Årsmøte held fram

 

15:00

 Årsmøtet vert heva

 

 

Filer

Plakettmottakarar 2019Årsplan 4H Sogn og Fjordane 2020Vurdering av 4H-prosjekt - ei rettleiingÅrsplan 2019Bli med - somaliBli med - tigrinjaBli med - arabiskBli med - polskBli med - nynorskBli med - bokmålBli med - EngelskSakspapir fylkesårsmøtet 2019Årsmelding 2018Vedtekter 4H Sogn og FjordaneProtokoll fylkesårsmøte 2018Nærmiljøet mitt - idear til kva 4H-klubbane kan gjere4H-kampen februar 2018Årsplan 2018 - word-filÅrsplan 2018Arbeid med statsbudsjettTips til Haustfesten 2017Leirprogramheftet 2017Årsmøteprotokoll 2017Handlingsplan 2017 - 2018Friluftslivets veke 20174H-kamp, marsNytt i medlemsregisteretNytt frå 4H Sogn og FjordaneNytt frå regionleiar ÅgeInformasjon om StyrekursetInformasjon om InspirasjonssamlingaSakspapir til årsmøtet 2017Årsmelding og rekneskap 2016Årsplan 2017, last ned og fyll innMånadsinfo januar 17Prosjektplan DraumeplassenProsjektplan SamspelMånadsinfo desember 2016Månadsinfo November 2016Månadsinfo oktober 2016Årsplan 20174H-kamp novemberTildeling frå SparebankstiftingaNettverkssamlingHelsing frå 4H Sogn og Fjordane til haustfestaneMånadsinfo september 2016Studietur 4H-gard Månadsinfo august 2016Månadsinfo juni 2016Månadsinfo mai 2016Storkurs 20164H-kampen maiMånadsinfo april 20164H-kampen aprilMånadsinfo februar 20164H-kampen februarNytt frå fylketIdear til inkludering og frivilligheitInfo om Superhelg styrekursÅrsmelding og rekneskap 2015Sakspapir fylkesårsmøtet 2016Månadsinfo januar 20164H-kamp januar 2016Stadfesting til politiattestMånadsinfo desember 2015Innkalling til årsmøte 20164H-kampen desemberMånadsinfo november 20154H Matskule - for instruktørar4H Matskule på naturmøteplassen4H Matskule på skulekjøkenet4H Matskule på garden4H Matskule - hausting frå naturen4H-kampen, novemberMånadsinfo oktober 2015Årsplan 20164H-kampen oktoberRettleiing om prosjektvurderingMånadsinfo september 2015Beredskapsplan 4H Sogn og Fjordane4H-kampen septemberInformasjon utdelt på RegionmøtaTips til HaustfestenHøstfestunderholdningHelsing frå fylkesstyret og 4H-kontoretOversikt over Haustfestar 2015Månadsinfo august 20154H-kampen augustMånadsinfo juni 2015Storkurs 2015Månadsinfo april 20154H-kampen aprilMånadsinfo februar 2015Aktivitetsheftet Mangfaldig natur4H-kampen februar 2015Aktivitetspakkar og klubbesøk 2015Årsmelding og rekneskap 2014Sakspapir til fylkesårsmøtet 2015Månadsinfo januar 20154H-kampen januar 2015Månadsinfo desember 20144H Matskule i klubben din4H-prosjekt for heile klubbenBjørkehaugen 4H-gard - tilbod 2015Innkalling til fylkesårsmøte 2015Årsplan 4H Sogn og Fjordane 2015Månadsinfo november 20144H-kampen novemberSuperhelg 2015Tre samlingar om naturmøteplassar4H-kampenRegionmøte - utdelt informasjonBrev om haustfestTips til haustfestenHaustfestdatoarVurdering av 4H-prosjekt30. oktober - Fjærland, naturmøteplass-samlingKjølsdalen 16. oktober - naturmøteplass-samlingHolsen 14. oktober - naturmøteplass-samlingMånadsinfo august 2014Leirprogramhefte 2014Info om aspirantleir Månadsinfo juni 2014Storkurs 2014Månadsinfo mai 2014Det store potetløpet - ruteplan SOF4H-gard studietur 5. juni 2014Månadsinfo mars 20144H-kampen mars 2014Søknadsskjema Sparebankstiftinga / 4H 2014Aktivitetspakkar 2014Årsmelding og rekneskap 2013Sakspapir årsmøtet 2014Månadsinfo januar 20144H-kampen januarInnkalling til fylkesårsmøte 2014Villmarksleir 15+ i vinterferien4H Matskule - tilbod våren 2014Månadsinfo desember 20134H-kampen desember 2013Årsplan 4H Sogn og Fjordane 2014Månadsinfo november 2013Klubb- og samarbeidsprosjekt i 4HPhotostory til haustfest 2013Rettleiing vurdering av prosjektHaustfest - info til klubbaneHaustfest - tips til gjennomføringIdear til haustfesttalenInformasjon gitt på Regionmøta 20134H-kampen august 2012Månadsinfo august 2013Søknadsskjema Sparebankstiftinga / 4HMånadsinfo juni 2013Invitasjon til RegionmøteSøknad om politiattestÅrsplan 2013Kløverknekten 1-2013Månadsinfo april 20134H-kampen april4 timar - 4 aktivitetarStudietur til 4H-gardaneMånadsinfo februar 2013Søknadsskjema Sparebankstiftinga4H-kampen februarSakspapir årsmøtet 2013Årsmelding og rekneskap 2012Vedtekter for 4H Sogn og FjordaneMånadsinfo januar 2013Klubb-besøk 20134H-kampen januarInnkalling til fylkesårsmøteMånadsinfo desemberMånadsinfo november4H-kampen novemberÅrsplan 2013Viktig å hugse på til HaustfestenMånadsinfo september 20124H-kampen september 2012Vervekampanje BlåmannSøknadsskjema SparebankstiftingaPlakettfest 2012Haustfest-presentasjon frå fylketMånadsinfo august 2012Infobrev om haustfestMånadsinfo juni 2012Kurs i redesignMånadsinfo mai 20124H-kampen maiMånadsinfo mars 20124H-kamp marsKlubb-besøk og aktivitetspakkar 2012Månadsinfo februar 20124H-kamp februarÅrsmelding og rekneskap 2011Sakspapir årsmøtet 2012Innkalling årsmøtet 2012Månadsinfo januar 2012Villmarksleir 20124H-kampen januarJulekort 2011Månadsinfo desember 2011Retningslinjer biletbruk i 4HBiletbruk i 4HMånadsinfo november 2011Årsplan for fylket 20124H-kampen novemberMånadsinfo oktober 2011Haustfestar 2011Månadsinfo august4H-kampen augustMorosame aktivitetar i friluftMorosame aktivitetar i friluftMånadsinfo juli 2011Idehefte 2 - Sommer ved kystenIdehefte 1 - Fjæretur Månadsinfo mai 20114H-kampen maiPlakat open leir 24. juniMat på bål - enkle oppskrifterMånadsinfo mars 2011Bli synleg - idear til PR-arbeid i 4HMånadsinfo februar 2011Årsmelding 4H Sogn og Fjordane 20104H-kampen februarTips til klubbturarIdear til klubbaktivitetarAktivitetspakkar - klubbesøk 2011Vedtekter for 4H Sogn og FjordaneMånadsinfo januar 20114H-kampen, januarÅrsplan for 4H Sogn og Fjordane 2011Månadsinfo desember 2010Månadsinfo september 2010Månadsinfo oktober 2010Kløvermedlem rutinar 2016Pressemelding - Gøy på landet - nynorskPressemelding Gøy på landet - bokmålPlakettmottakarar