Del/bokmerk
Trivselsagent som 4H-prosjekt?

Trivselsagent som 4H-prosjekt?

Trivselsagent er eit 4H-prosjekt er for seniorar mellom 16 og 18 år. Det vert to samlingar, den første er 1.-3. mars, og den andre 5.-7.april.

 

Bli med på eit spennande 4H-prosjekt der du får vere saman med andre kjekke 4H-arar, lære nyttige ting og verte ein endå betre 4H-ar.

I mellom samlingane, og etterpå, er det lagt opp til at du skal arbeide med prosjektet i 4H-klubben din og på fylkesarrangement.

 

•             Eit 4H-prosjekt for å skape meir trivsel i 4H-klubben og i 4H Sogn og Fjordane

•             Eit 4H-prosjekt der medlemmen kan utvikle seg sjølve saman med andre

•             Eit 4H-prosjekt som ikkje er lik andre 4H-prosjekt

Trivselsagent som 4H-prosjekt er for seniorar fødd 2003 eller tidlegare. Også i år samarbeidar vi med 4H Hordaland, og vil ha samlingane saman med dei.

Det kostar 500,- kr. for å vere med. Dette dekker mat og opphald på to samlingar. Deltakarane kan søkje klubben om støtte til dette. I tillegg må trivselsagentane betale reisa til samlingane, og det vert høve til å kjøpe trivselsagentgenseren.

Trivselsagentkoordinatorar i 2019 er Maria Kalhagen og Marita Holen Leirdal.

Ta kontakt med Hilde på 4H-kontoret for å melde deg på eller for å få meir informasjon.

Tlf. 960 96 782

Mail: hilde.svaeren@4h.no

PÅMELDINGSFRIST: 15. FEBRUAR

Trivselsagent er eit kjekt 4H-prosjekt for deg som vil ha eit annleis 4H-prosjekt der du kan gjere noko for klubben din og 4H Sogn og Fjordane – samtidig som du opplever kjekke ting saman med kjekke 4H-arar.

https://www.4h.no/prosjekt.aspx?id=14372&MenuNode=633852408394769180&zone=46