Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Fylkesleir , 29.juni-2.juli

Fylkesleir , 29.juni-2.juli

Velkomen til årets fylkesleir, her blir det fire dagar med spannande aktivitetar, tevlingar og mykje sosialt samvær.

Generell info

Påmeldinga opnar 5.mai. Enkelte aktivitetar har avgrensa med plassar, så ikkje vent med å  melde deg på om du skal ver sikker på å få første valet ditt!! 

Program

Torsdag: oppmøte frå 15.00, leirbygging, bli kjent og offisiell opning.

Fredag: Alle reiser ut på aktivitet, volleyball kampane startar på ettermiddag, kveldsunderhaldning

Laurdag: Volleyball og tautrekking, ulike stands med aktivitetar. Cowboy og indianar er temaet på underhaldninga, så sett kreativiteten i gang og lag kostymer. Det blir premiering i fleire klasser.

Søndag: Klubbstafett, avslutning og heimreise

Volleyball og tautrekking

Det blir turnering i både volleyball og tautrekking. I volleyball er det to klasser; aspirantklasse og junior/senior-klasse der det vert kjempa om vandrepokal i begge klasser. Innmelding av lag seinast fredag kl. 09.00.

Tun

Vi skal sjølvsagt dele leirområdet opp i tun. Tunet består som regel av fleire klubber, men alle i same klubb får bu i same tun.Det blir sendt ut info om kven som skal bu ilag før leiren. 

Miljøtorg

Tradisjonen tru stiller Moral med miljøtorg. 

Butikk/kiosk

Det blir kiosk i leiren, med sal av frukt og grønt i tillegg til dei tradisjonelle kioskvarene. Det er ikkje kortterminal i leirområdet!

Vaksne leiarar

Det bør vere ein vaksen leiar pr. 10 barn. Har de problem med å finne nokon som vil vere med så går det an å avtale med ein naboklubb. . Vaksne kan og dele opphaldet  (første halvparten- andre halvparten, meld i så fall på berre på ein leiar og gi beskjed til leirkontoret ved bytte). Det må sjølvsagt være klubben som betaler for dei vaksne leiarane. Leiarane melder seg på i eigen påmelding med litt seinare frist enn for medlemmane.

Påmelding

Også i år skal alle medlemmer melde seg på kun ein aktivitet. Dersom det blir fullt på ditt ynskje så får du beskjed med ein gong og du kan velje på nytt.

Alle vaksneskal velje «4H Møre og Romsdal- Fylkesleir 2017, leiar». Dei vaksne skal ikkje velje aktivitet, dette for å ikkje oppta plassane til medlemmane. Men vi vil plassere etter behov – har du spesielle ynske kan du føre det på i fritekstfeltet.

 

Påmeldingsfristen er 9.juni for medlemar og 12.juni for vaksne -  Fristane er endelige!!

Skulle nokon likevel ha ein så god grunn at dei får melde seg på etter fristen er gått ut, er prisen dobbel uansett grunn.

Pris:

Deltakaravgift:       kr.800

Leiar:                     kr.450

Landsleirdeltakar: kr.400

Søsken under 4H alder, og som IKKJE skal delta på aktivitetar: kr.450,-

Alle vil få faktura tilsendt. Om faktura ikkje er betalt innan 2 dagar før leiren startar må ein vise frem kvittering på at fakturaen er betalt eller betale «i døra».

 

 Huskeliste

  • Telt (og plast/presenning)
  • Sovepose og liggeunderlag
  • Regnklær, gode sko og støvlar
  • Varme klær
  • Lette klær
  • Toalettsaker
  • Tallerken og bestikk til middag
  • Mat til brødmåltida
  • Matboks og drikkeflaske til lunsj
  • Enkelt førstehjelpsutstyr
  • Nødvendig medisin
  • Solkrem og myggmiddel
  • Liten sekk til å ha verdisakene 

Temaet på laurdagens underhaldning er Cowboy og indianar. Det vil bli premiering i fleire klasser. Så sett fantasien i sving og lag kostymer, vi oppfordrar både små og store til å kle seg ut. Ein kan og bruke dette temaet i tuna. 

Aktivitetar

Alle vel ein aktivitet.

  1. Frisbeegolf Om du er interessert i å lære meir og prøve deg på den populære sporten frisbeegolf så er dette aktiviteten for deg! Frisbeegolf er å kaste frisbee inn i korger, akkurat som en golfball skal treffe hullet. I pausane blir det muligheit for bordtennis og airhockey.
  2. Kano – mat i det fri På denne aktiviteten blir det padletur i kano, innføring i enkel teknikk. Vi gjer landhogg og lagar mat i det fri. Aldersgrense 12 år
  3. Livet i fjøra På denne aktiviteten skal vi undersøka kva som finnst i fjøra, er det berre stein og tare? Kva lever der og kva kan vi nytte oss av. Det blir og moglegheit til rotur med færing, og til å lære knopper og stikk.
  4. Vikingaktivitet Lurer du på korleis vikingane levde? Då er dette kurset for deg! Her får du innblikk i vikingtida. Du lærer om mat, aktivitetar og får sjå ulike våpen og anna vikingutstyr. Vi skal og lære mange "vikingleikar", for vikingane var ikkje dette leik, men måten dei trente seg opp til å bli gode krigarar.
  5. Hest Her får de lære om hestestell, det blir tid til å ri. Eigenandel kr.200,-
  6. Sveising På verkstaden på Gjermundnes får de innføring i sveising, de vil få lage eit enkelt produkt. Aldersgrense 12 år
  7. Volleyball Interesserer du deg for volleyball og har lyst til å bli bedre? Da er dette aktiviteten for deg. Aktiviteten vil ta for seg dei grunnleggande teknikkane i volleyball, i tillegg til litt taktikk og mykje spill. Ta med klede som er gode å bevege seg i. Aktiviteten er lagt opp for medlemmar i junior/senior alder som har spelt litt volleyball før. Aldersgrense 12 år
  8. Fotball  Har du lyst å bli betre i fotball? Då er dette den aktiviteten du skal melde deg på! Her      blir det alt frå taktikktrening til speling!c Ein bør ha interesse og lyst til å spele fotball for å melde seg på denne aktiviteten.
  9. Gardsbesøk Vi besøker ein gard på Vestnes, det blir fjøsrunde med robotmelking, og annet fjøsarbeid. Litt kalvestell og sjekk av dyra som er på beite. Det blir og omvisning på gardskraftverket, og litt om fornybar energi.                                                     
  10. Trivselsagent Kurset er for dei som vil lære meir om å skape trivsel i eigen klubb, og på andre 4H arrangement. Kanskje du vil ha trivselsagent som prosjekt neste år og vil vite litt meir om kva det inneber?Aldersgrense 15 år
  11. Klatring Norsk Tindesenter på Åndalsnes inviterar til ein morosam og utfordrande dag med klatring, buldring, tindemuseum, utstillingar og film på programmet. Eigenandel kr. 200,-
  12. Toving Om du liker å jobbe med hendene så meld deg på toving! Ein filtmakar kjem og held kurset, og ho lover fine produkt og god kvalitet på arbeidet!Aldersgrense 12 år     Eigenandel kr.200,-
  13. Teater/revy For dei som er interesserte i teater og scenearbeid, her kan de nok få gode tips til haustfestunderhaldninga. Ein erfaren revyentusiast vil lære bort gode tips og idear.Eigenandel kr.200,-
  14. Sunn mat Liker du å lage mat, og er litt opptatt av at den skal ver sun – er dette staden å melde seg på.
  15. Fjelltur «Rampestreken» Vi kjører til Åndalsnes og går Romsdalstrappa, over 600 trappetrinn murt i naturstein, opp til utsiktspunktet Rampestreken. Den 20 meter lange stålplattforma stikker 8 meter ut i lause lufta og tar pusten frå dei fleste. Fantastisk utsikt til fjord og fjell, så her må det fotograferast!! Turen opp tar ca 1 time og utgjer ca 500 høgdemeter. Er det stemning i tur-gjengen kan vi fortsette 300 trappetrinn og 200 høgdemeter til ognå toppen av Nesaksla. Kjempefin tur som dei fleste kan klare !!!!
  16. Motorsag Dette er for deg som ynskjer å lære å bruk og stell av motorsag. Det blir fokus på sikkerheit og bruk av motorsag i praksis. Aldersgrense 16 år
  17. Grøn framtid Denne aktiviteten er kun for dei som har deltatt på Grøn framtid tidlegare i vinter/vår. Og som har dette som prosjekt.  

Det er klart for påmelding i medlemsregisteret så her er det ingen grunn til å vente, på aktivitetane er det førstemann til mølla!!

Ved påmelding kan du bestille dette leirmerket:

 

Kursa heiter: 4H Møre og Romsdal. Fylkesleir 2017 og  4H Møre og Romsdal Fylkesleir 2017, Leiar

Heile invitasjonen ligg her