Gå rett til innhold
Du er her: 4H Norge // Aktuelt // Aktuelt
Del/bokmerk
Info Nordiskleir

Info Nordiskleir

Her finn du informasjon som kan vere nyttig for deltakarane, foresette og leiarar frå Møre og Romsdal.

Info om Nordisk 4H-leir. Her samlar vi informasjon som kan vere nyttig for deltakare, føresette og leiarar.


Stad; Leiren er på Kalnes vidaregåande skule, en moderne skule med historiske tradisjonar og beliggande i eit opent og grønt kulturlandskap. Leirstaden er i Sarpsborg, men heile Østfold brukast i utfluktsprogrammet.

 

Tid; laurdag 29.juli til laurdag 5. august 2017

 

Tema for innmarsjen i år er «Saga to science» Ein står fritt til å velje heile tidsperioden eller kun velje seg ut tema/epoke.

Sjekk ut leirens eiga heimeside


Fellesreise

Påmeldinga for fellesreisa er stengt og alle påmeldte har fått e-post med info om betaling.

Det er Tornesbuss som køyrer i år.

 

Tur 29.07.:

- Elnesvågen 05:30 v- Esso

-Sylteosen 05:40

-Molde 06:15 ferjekaia (ferge frå Vestnes 05.30)

-Hjelseth 06:30

-Istad 06:45

-Eidsvåg 07:00

-Sunndalen 07:30

-Gjøra 08:00

–Oppdal 08:30

-Dombås 09:45 - pause 45 minutt

 

Retur 5.08.

Avreise frå leiren ca kl 09.00  (same ruta som ned)

 


Avtale

Alle som reiser på storleir må signere ein avtale med fylket, dei som er under 18 år må og ha føresette si underskrift. Retur innan 5.juli til 4H kontoret.

Avtalen er utsendt, du finn den og her  Avtale Nordiskleir 2017


Vaksne leiarar

Fylket stiller med ein leiar pr 15 deltakare. For å være leiar må du vere over 20 år. 

Fylkesstyre prioriterer kven som reiser.

Med som leiarar i 2017 er June Fostervold (Hovudleiar), Jonny Fostervold, Berit Fredriksen og Lina Marie Bjørkedal


Rammeprogram

Laurdag:  Ankomst, rigging og opning på Kalnes

Søndag:   Saga-dag

Måndag:  Aktivitetar og turar

Tysdag:   Aktivitetar og turar

Onsdag:   «Halden-dag»

Torsdag:   Science-dag

Fredag:    Finaledag

Laurdag:   Heimreise

 


Leirområdet

Foreløpig plassering

 


 

Spørsmål

Kontakt 4H Møre og Romsdal maybritt.skjortnes@4h.no eller send en e-post til nordic4hcamp2017@4h.no

Vi har og ei Facebook gruppe der ulike diskusjonar vil foregå.                                                                                                  Ver behjelpeleg å få lagt til alle der. Klikk her